Dårleg hygiene hos jegarar kan øydelegge kjøtet: – Me måtte ta grep, seier jaktlag

Ei bakterieprøve med guffent resultat gjorde at Støylsdalen jaktlag tok grep om hygienen. Norske jegerar blir stadig flinkare til å ta vare på kjøtet.

Støylsdalen jaktlag, Tokke

IKKJE PÅ SLAKTERI: Jeger Sverre Bakke og jaktleiar Jan Haugen i Støylsdalen jaktlag slaktar både elg og hjort på låven.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK

Førre veke starta elgjakta – årets høgdepunkt for mange.

Men slurving med handvasken og skitne knivar kan fort øydelegge kjøtet.

Stadig fleire vel no å gå på kurs for å ta betre vare på den ekslusive råvara, seier Eivind Lurås ved Jakt- og fiskesenteret på Flå.

– Norske jegerar tenker meir og meir på hygiene. Mange av dei som kjem til oss har mykje å hente. Men no dei vil jo gå på kurs og lære, seier Lurås.

Skremmande bakterieprøve

I Støylsdalen jaktlag i Tokke tok dei grep om hygienen for ein del år sidan. Det skjedde då eit medlem i jaktlaget fekk tatt prøver av kalvekjøt som ikkje lukta heilt slik det skulle.

Bakterieprøva viste 40 gonger høgare resultat enn anbefalt nivå.

Det ellers så ekslusive kjøtet gjekk rett frå frysaren til søpla. Hygiene blei tema på neste møte i jaktlaget.

Elgslakt

Eingongshanskar og vasskokar til desinfisering av knivar var blant tiltaka jaktlaget innførte etter den urovekkande bakterieprøva.

Foto: Sindre Thoresen Lonnes / NRK

– Færre sølar til kjøtet

Også i Mattilsynet merkar dei haldningsendringane. Seniorinspektør Kari Bjørnstad arbeider mellom anna med godkjenning av vilt som kjem inn til slakteri.

– Sølar jegerane til kjøtet med bakteriar, blir det mykje fortare bederva. Det smakar heller ikkje godt. Fleire er bevisste på dette no, og me merkar at mange tek kompetansekurs, seier Bjørnstad.

Ifylgje Lurås ved Jakt- og fiskesenteret er norske jegerar langt flinkare til å setje pris på verdien av kjøtet no enn før.

– Då eg starta å jakte blei kjøtet stort sett delt i to kategoriar: Kjøtdeig og steik. No er det ei heilt anna interesse for flotte filetar og godt biffkjøt.

Eingongshanskar og plastforkle

Jegerane i Støylsdalen seier dei framleis er flinkare enn då dei fekk «bakteriesjokk» for rundt 15 år sidan.

Eingongshanskar i sekken og plastforkle til slakting på låven er obligatorisk.

Men dei innrømmer gladeleg at det nok har sklidd ut litt sidan dei stramma opp hygienepraksisen den gongen.

Vasskokaren dei kjøpte inn for å desinfisere knivane er støvete etter å ha stått urørt dei siste åra.

– Og i teorien skal me ha ein kniv som «ordnar enden» og ein til resten av dyret. Det blir det nok synda litt mot, seier jeger Sverre Bakke.

– Men no som NRK tok kontakt skal me nok skjerpe oss att.

Støylsdalen jaktlag

I Støylsdalen jaktlag skal alle medlemmene beherske kunsten å slakte og partere elgen.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / NRK