SE OGSÅ: |
ALT OM: |
Hytteplanar for Munken
Dermed går dei imot Fylkesmannen, som har hatt sterke innvendingar mot utbyggingsplanene.
For ordfører Jan Thorsen i Nome er dette gode nyheter, men Thorsen vil ikkje innkassere nokon seier for utbyggingsprosjektet fø han har grønt lys i form av eit vedtak i Miljøverndepartementet signert statsråd Børge Brende.
Men ordføraren i Nome og grunneigar Thor Hamsdokka kan i alle fall innkassere ein halv seier.
Siger for sjølvstyret
Det kan bli hytteutbygging på øya Munken i Norsjø.
For det første fordi miljøvernminister Børge Brende så seint som på eit folkemøte på Ulefoss i forrige veke slo fast at han ønska slike lokale initiativ som dette utbyggingsprosjektet på Munken.
Då sa han i klartekst at ein ikkje kan overføre hundremeterkravet frå kystsona til innlandsvatn.
Og for det andre fordi faginnstansen, Direktoratet for Naturforvaltning (DN) i Trondheim, så klart sett tilside innvendingane frå Fylkesmannen i Telemark, og opnar for utbygging.
Rett nok med nokre vilkår knytta til, for å sikre ålmenta adgang til Munken sjølv om det blir bygd hytter og skjenkestove.
Jan Thorsen meiner at ein kan sjå innspelet frå DN også som ein seier for det kommunale sjølvstyret.