Hopp til innhold

Søknadskaos i Kragerø – har venta i seks år på lov til å bygge

Saker om ulovleg bygging blir ikkje følgde opp. Samtidig ventar fleire hundre innbyggarar og hyttefolk i Kragerø på svar på nesten åtte hundre byggesøknader.

Kragerø

HUNDREVIS I SØKNADSKØ: Både innbyggarar, hyttefolk og utbyggarar har vgenta i månader og år på svar på byggesøknadene sine.

Foto: Sindre Skrede / NRK

– Det er håplaust, seier William Jonas Myhre, som har venta i totalt seks år på å få svar på byggesøknaden sin.

Då han og kona fann ein bustad på Tåtøy som dei syntest var sjarmerande, ønskte dei å flytte til Kragerø for å nyte alderdomen her. Huset viste seg å vere i for dårleg stand, men det var ikkje verneverdig og dei fekk lov til å rive.

Sidan har dei venta på å få lov til å bygge nytt hus.

William Jonas Myhre, en av mange som venter på svar på byggesøknaden sin i Kragerø.

William Jonas Myhre starta prosessen med å flytte til Kragerø for seks år sidan, men ventar framleis.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Prosessen har vore vond for oss som familie, og kostbar. Nå har eg blitt seks år eldre og har vore pensjonist i nokre år.

Nå har dei gjeve opp dette huset for eigen del. Dei har venta for lenge.

– Dersom vi er veldig heldige, kan vi begynne å bygge neste vår og kanskje vere ferdige til jul. Men vi har blitt for gamle, rett og slett.

Hundrevis i kø

Politikarane i formannskapet i Kragerø fekk nyleg denne situasjonsrapporten om byggesaksavdelinga i sommarparadiset:

  • To hundre saker om mogleg ulovleg bygging er ikkje undersøkt. Mange av sakene gjeld bygging i strandsona.
  • Nærmare åtte hundre byggesaker er ikkje behandla, der nokre saker er så mykje som ti år gamle.
  • Det er nesten ingen tilsette igjen til å følgje opp sakene.

Mange innbyggarar, hyttefolk og utbyggarar har venta i månader og år på å få svar på om dei får lov til å bygge nytt hus eller sette opp nytt tilbygg til hytta.

Tidlegare i august fortalde lokalavisa KV at det berre var éin tilsett igjen på heile byggesaksavdelinga som ikkje hadde levert oppseiing. I løpet av to og eit halvt år har 15 tilsette slutta i avdelinga. Blant dei to plan- og bygningssjefar.

– Eit kjempestort problem

Kommunedirektør i Kragerø, Dag Willien Eriksen, beklagar at folk må vente lenge. Han bekreftar at saka på Tåtøy har tatt lang tid.

– Denne saka har hatt usedvanleg lang behandlingstid, og det er ein sum av mange omstende som gjer at det har blitt så gale som det har blitt.

Grunnen er blant anna skifte av saksbehandlar, endring i regelverket og at ønske om endringar på huset undervegs har utløyst nye søknadar.

Dag Willien Eriksen, kommunedirektør i Kragerø

Kommunedirektør Dag Willien Eriksen i Kragerø seier dei vil få fleire tilsette med på ein dugnad for å handsame byggesaker.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

– Det er iallfall 300 til 400 saker som er ganske prekære og som har lege lenge. I tillegg kjem det stadig inn nye saker. Det har blitt eit kjempestort problem.

Eriksen seier dei over tid har jobba med å få fleire tilsette på byggesaksavdelinga, men at dei tilsette er attraktive hos private og andre kommunar. Så kommunen slit med å vere konkurransedyktige.

Han håper annonsane dei har ute nå, vil føre til fleire tilsette om kort tid.

Han seier ingen saker er lagde bort eller gløymde, og at dei vil løyse situasjonen med eksterne konsulentar og eigne krefter.

– Vi har stor tru på at vi i løpet av eit halvår vil vi få mykje betre kontroll på situasjonen enn vi har hatt.

– Bryt Kragerø lova nå?

– Ja, det gjer vi diverre. Vi har så lita bemanning for tida at vi ikkje rekk å svare på alle meldingar vi får inn.

Les også Byggeskandalen på Tjøme: Har funnet feil i alle saker til nå

Ved Holtekjærstranda 78 og 80 kom kommunen til at mye var ulovlig etter et tilsyn. (Her markert i rødt.)

Ventar på svar i 100 saker

Hos Arkitekthuset Kragerø merkar dei godt krisa i kommunen si byggesaksavdeling.

Dei ventar på svar frå kommunen i hundre saker. Nokre av sakene har vore til behandling i to år, fortel dagleg leiar David Løffler.

Det er lang tid sett i forhold til at det skal vere 16 vekers behandlingstid, påpeikar han.

David Løffler er daglig leder ved Arkitekthuset Kragerø.

David Løffler, dagleg leiar ved Arkitekthuset Kragerø, seier søknadskøen gjer det vanskeleg å planlegge.

Foto: Kurt Inge Dale / NRK

Arkitekten meiner det er eit problem fordi det gjer det vanskeleg å planlegge for framtida.

– Folk må vente lenge i både bustad- og næringssaker, og det er ein hemsko for utviklinga av samfunnet, seier Løffler.

– Fritt fram

Formannskapet i Kragerø krev at det snarast blir gjennomført ei uavhengig undersøking av arbeidsmiljøet blant nåverande og tidlegare tilsette i byggesaksavdelinga.

Dei ønskjer også fleire akutte tiltak og ber kommunedirektøren vurdere å innføre eit mellombels forbod mot dispensasjonar for hytter i strandsona.

Leiar av hovudutvalet for plan og bygg, Henriette Fluer Vikre (Frp), meiner det er ulovlege saker innanfor 100-metersbeltet, og at ingenting blir gjort.

– Det er rett. Vi har mange saker som ikkje er fordelte.

Henriette Fluer Vikre

Henriette Fluer Vikre (Frp) seier det er fritt fram når kommunen ikkje følger opp moglege ulovlege saker.

Foto: Per Stian Johnsen / Per Stian Johnsen

Ho seier det har kome meldingar frå folk i heile sommar, som prøver å vere lovlydige og sender inn søknad. Samstundes ser dei at naboen byggjer utan at dei har fått noko nabovarsel.

– Det er ikkje rart, for vi har inga oppfølging av ulovlege saker i kommunen. Når vi har det, er det preventivt. Men når vi ikkje har det, er det fritt fram.

Kommunen har nå lyst ut ei eiga stilling som skal følge opp ulovleg bygging, men kommunedirektør Dag Willien Eriksen seier bemanninga no er så låg at dei må prioritere ordinære byggesaker og ulovlege saker som kjem fram under behandlinga.

– Vi har diverre ikkje hatt tid til å ta tak i det. Samstundes er meldingane vi får om moglege ulovlege saker og ikkje faktiske ulovlege saker. Det tar lang tid å følge disse opp.