30-åring til sjukehus etter brann

Ein mann i 30-åra er køyrt til sjukehus etter ein brann i ei leilegheit i Porsgrunn.

Laster kart, vennligst vent...

Brannvesenet melde om brann i kjøkkenet i ei blokkleilegheit i Brekka 1 i Porsgrunn klokka halv elleve torsdag kveld.

Litt over klokka 23 blei det meldt om at ein person var tatt med til sjukehus, men det er ikkje kjent kor skadd personen var. To personar blei evakuert frå nabohusværet.

– Brannen blei meldt sløkt klokka 23.35, fortel operasjonsleiar Terje Pedersen.

Store skader

Ein mann i 30-åra er køyrt til sjukehus i ambulanse.

– Det er store skader på husværet det er brent i, seier Pedersen.

Dei to personane som blei evakuert fekk flytte tilbake til nabohusværet etter at brannen var sløkt.

Leilegheita der det brann er stengt, og vil bli undersøkt for å finne brannårsaka