Brann i bygning på Rjukan
Det er full fyr i ein bygning i Storgata på Rjukan der utestaden Rallarhuset held til. Brannvesenet er på staden, opplyser Sør-Øst politidistrikt. 13 personar frå nabohusa er evakuert med tanke på spreiingsfaren. Årsaka til brannen er ikkje kjent.