Hopp til innhold

Brann i bygning i Skien

Politi og brannvesenet har rykka ut til brann i bygning i Mælagata i Skien.

Brann i Mælagat 25

Brannvesenet rykka ut til brann i Mælagata i Skien

Foto: Theo Aasland Valen

Laster Twitter-innhold

Vakthavande brannsjef Tor Inge Dale fortel at det var huseigar som melde frå til brannvesenet.

– Det var ein liten brann i tilknyting til taktekking på huset. Huseigaren var i ferd med å sløkke brannen sjølv då han ringde, seier Dale.

Han fortel at huseigaren klarte å sløkke brannen sjølv. Og det brann ikkje då brannvesenet kom fram til Mælagata.

– Huseigaren ville gjerne at brannvesenet skulle ta ei etterkontroll, seier Dale.

Det har brannvesenet gjort, og mannskap og brannbil er nå tilbake på brannstasjonen i Skien.