Hopp til innhold

Brann i bygning i Holmestrand

Eit bygg under oppføring står fram som fullstendig nedbrent ved fylkesveg 312 på Grenneslinna i Holmestrand. Sløkkearbeidet held på framleis, men faren for spreiing skal minke. Brannvesenet er på staden og driv med nedkjøling av omkringliggande for å hindre spreiing. Huset er fullstendig overtent. Ettersløkking vil halde på ut over natta. Fylkesvegen vil vere stengt på staden der det har brent inntil vidare.

Brann i bygning ved Grenneslinna i Holmestrand
Foto: Vestfold Interkommunale Brannvesen