Hopp til innhold

Kvinne arrestert etter brann

Ein mann i 40-åra er sendt til sjukehus med brannskadar etter ein brann i eit bustadhus i Porsgrunn. Ei kvinne i 30-åra er arrestert etter hendinga, mistenkt for å ha sett fyr på bustaden.

Brann Skrapeklev

BRANNSKADAR: Ein mann er sendt til sjukehus med brannskadar.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Bustaden ligg midt i rekka med bustadar på alle kantar. Dette kunne vorte veldig farleg, seier operasjonsleiar i Søraust politidistrikt, Vidar Aaltvedt.

Han legg til at mannen og kvinna som var involvert i brannen er kjenningar av politiet.

– Kvinna er mistenkt for å starte brannen da ho skal ha tent på eit møbel inne i bustaden, seier Aaltvedt.

Kvinna vert avhøyrd i kveld, og mannen vart sendt til sjukehus med brannskadar.

– Mannen prøvde å sløkkje brannen, men fekk det ikkje til, seier Aaltvedt.

Politiet melde raskt at brannvesenet hadde fått kontroll over brannen i bustadblokka på Skrapeklev i Porsgrunn.

– Brannvesenet har kort veg opp til bustaden som brann. Hadde vegen dit vore lengre hadde dette vorte mykje meir alvorleg, seier Aaltvedt.

Politiet melder at det er brannskadar og vasskadar etter brannen.

Laster Twitter-innhold