Hopp til innhold

Bonde fortviler etter at ku døydde: – Som å ete eit barberblad

Harald Lie trur ikkje folk skjønner kor alvorlege konsekvensar det kan få å kaste søppel langs jorde.

En død ku ligger bak et gjerde i et fjøs. Ved siden av av kua ligger det en kalv.

MISTA LIVET: Kua døde nokre timar etter at han fekk i seg delar av ein aluminiumboks, seier Harald Lie. Det går bra med kalven.

Foto: Harald Lie

På Tufte gard, som ligg i Våle i Tønsberg kommune, driv Harald Lie blant anna med mjølkeproduksjon.

I slutten av førre veke var bonden bortreist da ein avløysar ringde og fortalde at ei av kyrne på garden var døde.

Da Lie kom tilbake så han at den døde kua, som akkurat hadde fødd ein kalv, hadde blod i nasen og munnen.

Bonde Harald Lie står ved jordet.

Harald Lie fortel at han ofte finn tomme drikkeboksar på jorda sine. Dette bildet er tatt i 2023.

Foto: Randi Nørstebø / NRK

Bonden er ikkje i tvil om kva som har skjedd med kua.

– Den hadde ete noko ho ikkje skulle.

Lie har sjekka overvakingsbilete frå fjøset og meiner kua har fått i seg bitar av ein aluminiumboks som har hamna i fôret.

Les også Har plukket over 200 bokser fra jordet: – Det er verre enn noen gang

Bonde Harald Lie holder to fulle poser med tombokser som er plukket fra jordet.

Umogleg å finne alle

I løpet av nokre timar har kua rett og slett blødd i hel, forklarer Lie.

Bitar frå aluminiumboksar som er knuste av slåmaskiner kan vere veldig skarpe. For drøvtyggande kyr kan det ende med døden.

– Det er som å ete eit barberblad.

Lie fortel at han bruker mykje tid på å rydde boksar og anna søppel frå jorda sine, men at det er umogleg å finne alt.

Brusboks som ligger i gress.

Det blir veldig vanskeleg å finne boksane når graset begynner å vekse, seier Harald Lie. Dette bildet er tatt tidlegare i år.

Foto: Harald Lie

Ber folk skjerpe seg

Bjørn Gimming, som er leiar i Noregs bondelag, seier at denne typen forsøpling er eit problem for bønder i heile landet.

Han veit ikkje kor mange kyr som døyr etter å ha fått i seg bitar frå aluminiumboksar, men trur omfanget har auka dei siste åra fordi det blir selt meir drikke på boks enn før.

Bondelagsleiaren trur merksemda rundt problemet er større enn tidlegare fordi fleire bønder har fortalt om konsekvensane det kan få når søppel hamnar på jorde.

Portrettbilde av Bjørn Gimming.

Bjørn Gimming seier folk må forstå at det har konsekvensar å kaste frå seg søppel utandørs.

Foto: Reidar Gregersen / NRK

Gimming seier det ikkje finst unnskyldningar for å kaste frå seg søppel utandørs i Noreg.

– Vi har gode ordningar for avfallshandtering og resirkulering.

– Håpar folk lærer

Harald Lie synest det er meiningslaust at dyr skal lide og døy fordi folk ikkje kastar søppel der han skal kastast.

Foreløpig er det ingen andre kyr på garden hans som har blitt dårlege, men bonden seier det har vore ubehageleg å ikkje vite om fleire av dyra kan ha fått i seg fôr med aluminiumrestar.

Lie trur auka pantesatsar kunne bidratt til at færre boksar hamna på jorda. I tillegg må folk ta innover seg kor alvorlege konsekvensane kan bli, meiner han.

– Eg håpar at folk lærer etter kvart, men det er framleis mange boksar å plukke.

Les også Dør av forsøpling: – Drukner rett og slett i sitt eget blod

Bildet viser en død ku. Hodet til kua ligger i front i bildet, og under snuta er det en blodpøl. Kua er brun og har hvite flekker på hodet, og bakbeina. Ho ligger på bakken.