Hopp til innhold

Denne bommen deler skolekretsen i to

Bommen i Lensmannsdalen i Skien deler skolekretsen i området i to. FAU håpar Bypakke Grenland vil sjå på plasseringa ein gong til, og flytte bommen.

Bomstasjon i Lensmannsdalen i Skien

Denne bommen i Lensmannsdalen i Skien deler ein skolekrets i to. Foreldre må betale bompengar for å levere barna på skolen og fritidsaktivitetar.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Dette er den einaste bommen i Bypakke Grenland som er plassert midt i ein skolekrets. Det skaper ekstrautgifter for foreldre som må krysse bommen kvar gang dei skal køyre barna på skolen eller til fritidsaktivitetar.

Barn som skal til fotballanlegget på Tollnes blir ofte sleppt av før bommen, slik at dei må gå det siste stykket.

Er bekymra for konsekvensane

Berit Røe og Olav Risholt

Berit Røe er styreleiar i idrettslaget Tollnes og med FAU.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Berit Røe i FAU ved Kongerød skole og styreleiar i idrettslaget Tollnes er bekymra for konsekvensane.

– Bommen deler skolekretsen Klyve, Kongerød, Tollnes og Nenset fysisk i to for elevane i 1. – 10. trinn. Dei yngste må bli køyrt på skolen.

Det same skjer når barna skal på fritidsaktivitetar. Passering av bommen kostar 21 kroner i rushtida, og 15 kroner elles.

– Foreldre skal på foreldremøte, det er klassetilstellingar og fritidsarrangement. Det er fotball det går ut over, og handball, korps og kor.

I tillegg ligg det ei kyrkje på Nenset som blir offer for bommen.

Vil flytte bommen til Menstadbrua

– Er du redd for at ungar ikkje kan stille på den aktiviteten dei har lyst til, fordi det blir for dyrt for foreldra?

– Det kan bli ein konsekvens, men vi håpar det ikkje skjer. Når det blir vår og sommar kan ungane gå og sykle, men dei som skal på skolen har ikkje noko val. Fritidsaktivitetar er friviljuge, der kan det bli ein konsekvens, seier Røe.

Berit Røe og FAU vil gjerne flytte bommen til området mellom rundkøyringa ved Menstadbrua og Circle K bensinstasjonen der grensa for skolekretsen går.

Bomplasseringa er vedtatt i Stortinget

Berit Røe og Olav Risholt

Olav Risholt er prosjektleiar i Bypakke Grenland.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Olav Risholt er prosjektleiar for Bypakka i Grenland seier han ser poenget, og innrømmer at bompengesystemet i Bypakka ikkje er rettferdig.

– Nokon blir påført ekstra kostnader. Men eg er usikker på om det er mogleg å flytte på bommane, fordi dette er vedtatt i Stortinget. Og då skal det mykje til å endre på det.

Risholt vil ikkje love at Bypakke Grenland kan flytte på bommane.

– Det har eg rett og slett ikkje mandat til å gjere.

Må gå i tenkeboksen

Risholt kan heller ikkje svare på om Bypakke Grenland tenkte på at ein skolekrets blei delt i to, då bommane blei sett opp.

– Men det vil ikkje overraske meg om det perspektivet ikkje var lengst framme.

– Går det ikkje an å sjå på denne saka, og få flytta bommen?

– Eg vil ikkje svare på om det er mogleg. Vi må gå litt i tenkeboksen, men i utgangspunktet står dei ganske fast om vi vil flytte dei eller ikkje, seier Risholt.