Fredag underteikna UDI og eigarane av Bolkesjø hotell ei avtale om gjere hotellet om til eit transittmottak for flyktningar og asylsøkarar dei neste to åra, skriv Telen.
– Vi har lova å ha hotellet klart til 1. mars, seier Torleif Søreide til Varden.
Hotellet er nå delvis demontert og må pussast opp for fleire millionar kroner. Det vil bli plass til maksimalt 600 personar.
– Vi er einige om avtalen og går i gang med å innreie hotellet for dette bruket. Vi regner med at det vil kunne komme flyktningar til Bolkesjø innan to månader, seier Lars Søreide til Telen.
Vil gje mange arbeidsplassar
UDI og brørne Søreide har inngått ei avtale i tre fasar. Den første fasen handlar om leige i to år, etter det har UDI opsjon på ytterlegare fem år.
Etter dei sju åra kan UDI og Statsbygg kjøpe hotellet for ei krone.
– Det er openbert at dette vil gje mange arbeidsplassar. UDI snakkar om ein stad mellom 50 og 100 heil- og deltidsstillingar. Eg håper jo at dette fell på lokale hender, seier Lars Søreide til Telen.
Treng vakthald og politi
Formannskapet i Notodden sa torsdag med seks mot fem stemmer ja til eit stormottak med 600 flyktningar og asylsøkjarar på Bolkesjø.
Mindretalet, fem frå Ap, ønska i utgangspunktet å rå ifrå etableringa av mottaket.
Formannskapet stilte seg derimot samla bak kravet om at det på eit slikt stormottak må etablerast eit døgnkontinuerleg vakthald av godkjente vektarar.
Vidare er det også eit krav om at politiet må få auka ressursar for å kunne i vareta dei oppgåvene politiet får med auka oppdragsmengde og straffesaker dette fører med seg.