Hopp til innhold

Hykkerud: – Blir nokre blåmerke mot Ungarn

– Det blir meir fysisk, og det blir eit heilt anna lag å møte, seier Joakim Hykkerud før møte med Ungarn i kvartfinalen i Handball-VM i Frankrike.

Håndball åttendedelsfinalen Norge-Makedonia

MØTER UNGARN: Joakim Hykkerud frå Notodden er strekspelar på det norske landslaget i handball. Her i kampen mot Makedonia.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Men det blir like tøft som å møte Danmark.

Det blei ein overraskande slutt i kampen mellom Danmark og Ungarn i Handball-VM. Ungarn slo danskane 27-25, og møter Norge i kvartfinalen tysdag.

Og det blir ein helt annan motstandar å møte enn Danmark, meiner strekspelar Joakim Hykkerud frå Notodden.

Mange var ganske sikre på at det ville bli Danmark dei kom til å møte i kvartfinalen, men det endrar likevel ikkje på førebuingane før kampen for spelarane.

– Vi har ikkje sett på video eller tenkt på noko anna før kampen mellom Danmark og Ungarn var slutt. Vi var på fjellet og kosa oss, og fekk beskjed om kvelden at dei blei Ungarn.

Likar å bryne seg på store spelarar

Joakim Hykkerud

Joakim Hykkerud seier det blir tøft mot Ungarn.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Måndag hadde spelarane det første videomøte, og førebur seg til kampen på vanleg måte.

– Noreg har slite litt mot Ungarn dei siste ti åra, og har tapt kampar i meisterskap og kvalifiseringskampar. Kvifor er Ungarn så tøffe å møte?

– Dei har spelarar som spelar i toppklubbar i Europa, og har masse rutine. Det sjølvsagt knalltøft, men vi skal gjere det vi kan for å bryte den barrieren, seier Hykkerud.

– Ungarn har store tunge spelarar, og mykje fysikk. Men du likar å spele mot store og tunge spelarar?

– Ja, det likar eg. For eg er stor og tung sjølv, så eg likar å bryne meg mot store spelarar. Men det blir knalltøft, så det blir nok nokon blåmerke på tysdag også. Begge lag har lyst til å kome til semifinalen, så det blir tøft, seier Hykkerud.