Hopp til innhold

Blei bønder over natta – hadde aldri køyrt traktor

I leitinga etter eit rolegare liv, valde paret Mikkel og Tomine å pakke saman bylivet og vende snuten mot Vestfold.

Mikkel og Tomine

FRÅ BYEN TIL LANDA: I løpet av den siste månaden har Mikkel Stokke og Tomine Vikse lært alt frå dyrking av eple og graskar til produksjon av eplemost og sider.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

– Det var litt spontant, eg skal innrømme det, fortel Tomine Vikse.

Ein månad har gått sidan det unge paret, heilt utan erfaring, selde leilegheita i Oslo og flytta til Råstad i Vestfold for å starte livet som bønder.

– Vi hadde vore på ein vinferie i England og jobba på ein vingard, og så blei vi veldig interesserte i fysisk arbeid og mat og drikke, seier Mikkel Stokke.

Mikkel og Tomine blir bønder i Vestfold

Paret håper at de etter hvert kan leve av inntektene fra gården, men enda viktigere er det med en plass hvor venner og familie kan komme på besøk ofte.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Paret håper at de etter hvert kan leve av inntektene fra gården, men enda viktigere er det med en plass hvor venner og familie kan komme på besøk ofte.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Les også Mener det må bli lettere for bønder å skaffe arbeidskraft

Egil Christopher Hoen, 1. nestleder i Norges Bondelag

Kunne ikkje køyre traktor

Paret har ikkje vore heilt utan hjelp. Den tidlegare gardseigaren på Råstad har nemleg fungert som mentor.

– Han har gitt oss opplæring i alle ledd. Vi kunne ikkje køyre traktor ein gong då vi flytta inn, seier Vikse og legg til:

– Vi hadde ikkje klart det utan. Det er ikkje berre å google ting her.

Tomine og Mikkel skal også drive gårdsbutikk.

Tomine jobber som ingeniør til vanlig. Nå håper paret at produksjonen fra gården kan gi dem nok penger til å leve for.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Tomine jobber som ingeniør til vanlig. Nå håper paret at produksjonen fra gården kan gi dem nok penger til å leve for.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Dei siste fire vekene har dei lært alt frå dyrking av eple og graskar til produksjon av eplemost og sider.

– Vi har aldri hatt eit epletre før. Plutseleg hadde vi ansvaret for 5500 tre.

For dei ferske gardseigarane har livet blitt snudd på hovudet. Det har ført til at dei begge har fått ein ny hobby.

– Ein har plutseleg blitt veldig avhengig av å sjekke vêret. Arbeidsdagen blir jo styrt av om det er sol eller regn, fortel Stokke.

Mikkel og Tomine er ferske bønder i Vestfold.

I Oslo hadde paret balkong. Nå har de gått over til svær hage og åker.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

I Oslo hadde paret balkong. Nå har de gått over til svær hage og åker.

Foto: Tomine Walmsness / NRK

Fort gjort å romantisere

Fylkesleiar i Buskerud bondelag, Eirin Trintrud er positiv til at unge ønsker seg til landbruket.

– Det er berre positivt at folk kjem til bygda, lærer seg nye ting og ser viktigheita av matproduksjon.

I 2020 tok Trintrud sjølv over barndomsgarden. Saman med mannen er ho no geitebonde på heiltid.

Eirin Trintrud

Eirin Trintrud er fulltids geitebonde i Hallingdal.

Foto: PRIVAT

Eirin Trintrud er fulltids geitebonde i Hallingdal.

Foto: PRIVAT

Sjølv om livet på gard er fint, er det viktig å realitetsorientere seg før ein går til innkjøp av ein gard, seier geitebonden.

– Det å drive gard er å drive ei bedrift med mange og store utgifter. Dei siste åra har jo inntektene også blitt mindre og mindre, så livet som bonde har blitt vanskelegare.

Ho trur enkelte har lett for å romantisere livet på landet.

– Det er veldig meiningsfylt å produsere mat, men det er ekstremt krevjande, same kva slags produksjon ein driv med.

Eirin Trintrud

Trintrud forteller at selv om livet som bonde er fint er det fort gjort for utenforstående å romantisere livet som bonde.

Foto: Privat

Trintrud forteller at selv om livet som bonde er fint er det fort gjort for utenforstående å romantisere livet som bonde.

Foto: Privat

Søk kunnskap om du er fersk bonde, rår Trintrud.

– Oppsøk rådgivarar og erfarne bønder for tips. Det er også viktig å organisere seg, slik at ein har nokon som jobbar for rettane og velferdsordningane sine.

Bytte ut parkeringsbøter og måndagsmøte

For omtrent to år sidan tok Lise Marit Syftestad og kjærasten Martin Litwicki det same valet som Stokke og Vikse.

Med null gardserfaring, kjøpte dei seg gard i Telemark.

– Vi bytte ut parkeringsbøter og måndagsmøte med grisar på rømmen og ei geit med diaré på vaskerommet.

Lise Marit Syftestad og Martin Litwicki

Syftestad og kjæresten har flere dyr på gården. Blant annet høner, hund, katt og geit.

Foto: Martin Litwicki

Syftestad og kjæresten har flere dyr på gården. Blant annet høner, hund, katt og geit.

Foto: Martin Litwicki

– Så det er rarare ting enn før, men vi har aldri angra eit sekund, fortel Syftestad.

I motsetning til normal gardsdrift driv ho og kjærasten det dei kallar «moderne» gardsdrift.

Det inneber at dei deler livet frå garden på sosiale medium, og dessutan utleige av hytte på eigedomen og diverse arrangement.

Lise Marie Syftestad

Syftestad levde et hektisk liv i Oslo før hun for to år siden bestemte seg for å roe ned på landet.

Foto: Martin Litwicki

Syftestad levde et hektisk liv i Oslo før hun for to år siden bestemte seg for å roe ned på landet.

Foto: Martin Litwicki

Syftestad trur at fleire unge søker seg til bygdelivet for å sleppe unna press, mas og jag.

– Det er ein veldig strebersk trend, ein lengtar alltid etter det nye store, men eg trur fleire innser at det viktigaste er å ta vare på ein sjølv og korleis ein har det.

Målet deira er nå å inspirere fleire unge til å ta sjansen på bygda.

– Eg har aldri møtt nokon som har kome hit og sagt at dei ikkje har fått det betre av å vere her.

Kunne du tenke deg å bo på gård? 🤠

Hei!

Har du noen tanker om saken, eller tips til noe annet jeg bør se nærmere på? Send meg en e-post: Emilie.Lykke@nrk.no