Biskop om inntak av 50 flyktningar: – Det er pinleg lågt

Fleire biskopar støttar ordførarane om å hente langt fleire flyktningar enn regjeringa har bestemt. Dei ber Noreg handle nå.

Jan Otto Myrseth

VIL HA FLEIRE: Biskop i Tunsberg, Jan Otto Myrseth.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Ei rekke kommunar varslar at dei er klare til å ta imot fleire hundre asylsøkjarar frå den brannherja Moria-leiren i Hellas.

Biskopen i Tunsberg er skuffa over regjeringas plan om å berre ta inn 50.

– Med så sterkt trykk som regjeringa har fått, både gjennom ein underskriftsaksjon på 46 000 underskrifter og godt over 100 kommunar som har sagt at de kan ta imot flyktningar, meiner eg at 50 flyktningar i hele landet er pinleg lågt, seier biskop Jan Otto Myrseth i Tunsberg bispedømme til NRK.

– Men kan ein ikkje hjelpe dei der dei er?

– Jo, men eg meiner me kan gjere det parallelt.

Får støtte

Fleire biskopar stiller seg bak Myrseth.

– Dette er ein ekstraordinær situasjon, der det å vere raus er viktig. Eg håpar regjeringa ser på dette ein gang til og eg meiner ein kunne tatt hardare i, utan å nemnde eit konkret tal, seier biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug.

– Her står me på saman. Over 100 kommunar har sagt at dei står klare til å ta imot. Om dei tek imot 20 menneske kvar, tek me imot 2000. Det er ein stad å begynne. Her er det berre å handle, seier Kari Veiteberg, biskop i Oslo.

Brann i Moria-leiren på Lesvos.

KrF ynskjer fleire

Mens presset mot KrF og regjeringa aukar, har fylkeslaget i Vestfold og Telemark med seg ein tydeleg beskjed når landsstyret i KrF skal møtast i helga.

– Det er fint for dei 50, men det er så uendeleg mange fleire som treng den same moglegheita. Eg tør ikkje sei 1000 eller 4000 menneske, og skal ikkje meine noko om det, men 50 høyrast unekteleg veldig puslete ut, seier fylkesleiar Bror-Lennart Mentzoni.

Statsminister Erna Solberg unngjekk å svare på om ho vil ta imot fleire enn 50 asylsøkjarar frå Hellas etter brannen i Moria-leiren under Politisk kvarter fredag.

– Me må sjå på heilskapen i dette. Me veit det er andre stader i verda med store flyktninggrupper som må få hjelp. Nå vil det vere vanskelegare for dei som er flyktningar i Libanon å klare seg, for Libanon som stat går dårlegare. Det betyr at me i vårt kvoteuttak vil måtte ta fleire derifrå, og frå andre land der det også er krise, sa Erna Solberg under Politisk kvarter fredag.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark