Hopp til innhold

Bilføra køyrde inn i hus i Skien

Eit hus i Mælagata i Skien fekk store skadar då ein bil køyrde av vegen og trefte det natt til fredag.

Hus i Mælagata fikk skader da en bil kjørte inn i det 15. mai

Bilen køyrde rett gjennom gjerdet og enda i husveggen.

Foto: Geir Norendal

Det er gjort endringer i saken etter at den ble publisert første gang.

Føraren var åleine i bilen. Han er skadd, men skadegraden er førebels ukjent, melde Sør-aust politidistrikt i 2.15-tida.

Føraren er køyrd til sjukehus for undersøking. Det er òg teke prøvar av føraren. Politiet mistenkjer at han var påverka av narkotiske stoff under køyringa.

Politiet seier spor på staden vitne om at bilen òg har halde stor fart.

– Store steinar er flytta fleire meter som følgje av samanstøyten. I tillegg er det merke høgt oppe på ein straumstolpe, skriv politiet på Twitter.

Laster Twitter-innhold

På huset er det knust eit stort vindauge inn mot stova.

Dei som bur i huset låg og sov då ulykka skjedde. Dei er uskadde, men oppskaka, ifølgje politiet.

Bil kjørte inn i hus i Mælagata i Skien natt til 15. mai

Dei som bur i huset vart vekte av at bilen køyrde inn i stovevindauget.

Foto: Geir Norendal