Regjeringa endra reglane for støtte til barnebriller frå 1. mars. Innstramminga i støtta møtte mykje kritikk etter at forslaget blei lagt fram i statsbudsjettet i fjor.
Eit halvt år etter at innstramminga vart innført, merkar familiane dei auka kostnadene på lommeboka.
I august starta Blindeforbundet oppropet «Vêr med oss i kampen for gratis briller til barn!». Det har fleire enn 6400 underskrifter så langt.
SLIT ØKONOMISK: Marthe Kongstein saman med barna Fredrik og Marthine.
Foto: Philip Hofgaard / NRKEin dagleg kamp
Marthine (4) og Fredrik (6) må ha briller. Dei skjelar, er langsynte og har skeive hornhinner.
Fram til 1. mars vart brilleglasa deira dekte av staten. No får de Navs minstesats på 1200 kroner kvar. Dei skjelar ikkje nok til å få dekt meir.
Berre brilleglasa dei må ha, kostar meir enn det dobbelte.
– Vi kjempar dagleg for å få økonomien til å gå rundt, seier mora, Marthe Kongstein frå Tønsberg.
FORTVILA MOR: Marthe Kongstein.
Foto: Philip Hofgaard / NRKBarna må til synskontroll kvar tredje månad. Brillestyrken endrar seg nesten kvar gong dei er til kontroll.
Mora fortel at endringar i styrke, eller glas som blir opp ripa etter aktivitet og leik, gjer at barna treng nye brilleglas rundt fire gonger i året.
Foreldra seier at kostnaden for brilleglas, innfatningar og kontrollar er på over 20.000 kroner i året, når Nav-støtta er trekt frå.
– Politikarane er opptekne av at barn skal kunne lese og skrive. Barna mine klarer ikkje det utan hjelpemidla sine. Det hjelpemiddelet er briller. Dei er heilt, heilt avhengig av dei.
KRAV: Blindeforbundet meiner alle barn bør få dekt linser, briller og synstest.
Foto: Philip Hofgaard / NRKKrev at alle barn skal få dekt briller
Ifølgje Blindeforbundet treng 20 prosent av alle barn briller i løpet av skuleåra.
Forbundet ber regjeringa sjå på ordninga på nytt. Dei krev gratis briller, linser og synstest til alle barn.
– Eg møter familiar som er heilt frå seg, seier Kjersti Daviknes, dagleg leiar i Blindeforbundet i Vestfold.
Blindeforbundet meiner innstramminga i støtta er usosial og urettferdig.
– Vi kan ikkje skjønne at dette er eit sparetiltak. Dette handlar om helsa til barn. I Noreg er helsetilbod til barn gratis fram til 18 år.
NEI: Statssekretær Saida Begum i Arbeids- og sosialdepartementet avviser kravet om briller til alle barn.
Foto: Olav Juven / NRKVil ikkje prioritere briller til barn
Statssekretær Saida Begum forstår at mange familiar har store utgifter til barnebriller. Men det har alltid vore medisinske kriterium for å få dekt briller, seier ho.
Dagens ordning har to satsar. Ein som dekkjer 1200 kroner, og ein sats dekkjer 2400 kroner. Ordninga er for barn som skjelar.
– Viss optikaren din meiner at du er medisinsk kvalifisert, kan du søkje om individuelt beløp, seier Begum.
Statssekretæren rår foreldre til å spørje optikar kva slags brilleglas dei kan få innanfor satsen dei får dekt. Eventuelt meiner ho foreldre bør spørje om dei kan ha rett på ein høgare sats.
– Det er ikkje nokon grense på kor mange gonger ein kan få støtte til briller gjennom året. Om brillene blir skadde, får barn støtte til eit nytt brillepar.
Statssekretæren avviser kravet frå Blindeforbundet om briller, linser og synstest til alle barn.
– Dette er ikkje noko regjeringa kjem til å prioritere no.