Ber staten betale for å legge ned turisthytter

Turistløyper, bygging av hytter og auka menneskeleg trafikk på Hardangervidda fører til at villreinen klumpar seg saman på eit for lite område.

Villrein

FLEIRE BLIR SJUKE: Kvar vinter dør det mange kalvar på Hardangervidda på grunn av sjukdomar. Denne kalven er smitta av fotròte, og har ikkje overlevd.

Foto: Anders Mossing / Norsk Villreinsenter

Hardangervidda villreinutval ber staten komma på banen. Villreinen blir sårbare for sjukdomar som fotròte, hjernemark og svelgbrems.

Det er konklusjonen i ein rapport laga for Veterinærinstituttet.

Miljødirektoratet meiner Noreg har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på villrein. Og regjeringa vil etablere ei kvalitetsnorm for villrein for å leggje til rette for ei betre forvalting av villreinstammene. Målet er å sikre at villreinen overlever i Noreg.

Svein Erik Lund, sekretær i Hardangervidda villreinutval

HASTAR: Svein Erik Lund er sekretær i Hardangervidda villreinutval. Han meiner dei er 15 år for seint ute når det gjeld dyrevelferden for villrein.

Foto: Kjell Bitustøyl, Norsk Villreinsenter Sør

– Vi er eigentleg 15 år for seint ute, når det gjeld å gjere noko med dyrevelferda for villrein på Hardangervidda, seier Svein Erik Lund, sekretær i Hardangervidda villreinutval.

Han viser til at det er forska i 40 år på villrein, og meiner det ikkje lenger er mangel på kunnskap.

Ferdselsforbod i kalvingstida

– Å legge om turstiane, flytte hytter og bygge nye vil koste pengar. Men med tanke på kor mykje pengar som er blitt bruka for å ta vare på villreinen på Hardangervidda, så blir dette småpengar.

Svelgbrems hos villreinkalv felt på Hardangervidda 2015

SVELGBREMS: Flygande svelgbrems skapar uro i flokken og fluktåtferd om sommaren. På biletet er ein villreinkalv felt på Hardangervidda.

Foto: Kjell Handeland, Veterinærinstituttet

Lund meiner det er staten som må betale for dette. Han meiner det bør vurderast å innføre ferdselsforbod i kalvingstida for turistar, trafikk inn til private hytter, køyring og transport, hundekøyring og kiting.

– Då kan simlene og kalvane få bruke dei gode beita utover våren og forsommaren, for simlene treng energi i denne perioden.

Kryssar ikkje T-merka stiar

Vegard Gundersen i NINA seier det er dokumentert at det er høg ferdsel på Hardangervidda. Særleg i den vestlege og nordlege delen av vidda.

Vegard Gundersen, forsker ved NINA

TRENG MEIR AREAL: Vegard Gundersen er forskar i NINA. Han meiner villreinen bør få bruke ein større del av vidda.

Foto: NINA

Villreinen har eit kjerneområde, og har problem med å kome utanfor det, fordi det er ein del T-merka stiar som reinsdyra må krysse.

– Det er i dag ein liten bestand av villrein som står tett på eit lite areal. Det er absolutt ønskeleg at villreinen skal bruke ein større del av vidda der det er godt beite.

Kjerneområde for villrein

Gundersen seier at det som rammar inn kjerneområdet, er stiane frå Haukeliseter til Hellevassbu, vidare til Litlos, Sandhaug og Lågaros.

– Det er veldig sannsynleg at ferdselen påverkar korleis villreinen brukar vidda. Og det beste tiltaket vil vere å endre nettet med merka turstiar på Hardangervidda, slik at villreinen kan få vandre.

NINA ikkje er heilt ferdig med sine analysar av korleis ferdselen påverkar villreinen sin bruk av Hardangervidda. Ferdselsprosjektet blir ferdig i løpet av vinteren 2020.

– Då vil det kome forslag om meir detaljerte tiltak for å betre forholda for villreinen på Hardangervidda, seier Gundersen.

DNT siner sommerruter på Hardangervidda

STORT LØYPENETT: Dette kartet viser DNT sine sommarruter på Hardangervidda.

Foto: DNT Oslo

Villreinen er sett på bås

Jan Erik Reiten, DNT Oslo og Omegn

VILLREIN PÅ BÅS: Jan Erik Reiten i DNT seier det lenge har vore eit tema at villreinen er sett på bås.

Foto: Kjell Bitustøyl / Norsk Villreinsenter

Jan Erik Reiten seier at DNT har eit sterkt ønske om å vere med i ei arbeidsgruppe for ein ny hytte og ruteplan.

– Korleis opplever du at forskarar frå NINA seier at villreinen blir stengt inne av ferdselen?

– Det har lenge vore eit tema at villreinen er sett på bås, og det er blitt peika på vegar og stiar. Det er ikkje nokon tvil om at villreinen ville bruka ein større del av Hardangervidda, viss det hadde vore færre hytter og ruter, både frå oss og frå andre. Så det er ei problemstilling vi må forhalde oss til, seier Reiten.