Hopp til innhold

Hytteeigar lei av folk som smugkikkar inn vindauga: – Dei får fart på seg når dei ser meg

Tre gonger på kort tid har Per Magne Pedersen teke folk på fersken heilt oppi hytteveggen sin. Leiaren for hytteeigarforbundet blir opprørt, og ber folk skjerpe seg.

Folk som smugkikkar inn i hytte

SMUGKIKKA: Ifølgje hytteeigaren var desse to personane heilt inntil vindauget på hytta og kikka inn. Her har personane kome seg ut på vegen igjen.

Per Magne Pedersen har akkurat bygd ei hytte i Tuddal i Telemark. Hytta er den første bygningen i eit nytt hyttefelt, og Pedersen er godt nøgd.

Men han er ikkje like nøgd med dei uventa besøka han får.

For når kona er heime i Drammen, og bilen ikkje står parkert utanfor hytta, dukkar det plutseleg opp folk i vindauga.

– Det har skjedd tre gonger til no. Eg synest det er ubehageleg, seier Pedersen.

Per Magne Pedersen

Per Magne Pedersen har hytte i Tuddal i Telemark. Han kjem opphavleg frå Sotra, men er busett i Drammen.

Foto: Privat

Ber folk skjerpe seg

I førre veke stod plutseleg to personar ein halv meter frå vindauget på hytta til Pedersen. Mannen og kvinna kikka inn, men snudde raskt og gjekk ut på vegen da dei skjønte at det var folk i hytta.

Da tok Pedersen eit bilete av dei.

– Dei får fart på seg når dei ser meg gjennom vindauget, seier hytteeigaren.

I frustrasjon publiserte Pedersen bilete på sosiale medium, og det var mange som kjende seg att i situasjonen. Tydelegvis er det ikkje uvanleg at folk kikkar inn i hytter.

– Dette har alle med hytte i Noreg opplevd, skriv ein brukar som kommentar til bilete på Twitter.

Av dei mange kommentarane frå folk er dei fleste einige om at det er frekt å kikke inn i ei hytte på den måten.

Men så er det også ein person som viser til allemannsretten.

Folk som smugkikkar inn i hytte

Dette bilete publiserte Per Magne Pedersen på Twitter i førre veke. I teksten skreiv han: «Brått stod desse to kroppane og kikka inn vindauget på hytta. Det er visst umogeleg å få fred når eg ikkje har bilen ståande. Tredje tilfellet på kort tid. (Dei stod heilt inntil).»

Styreleiaren i Noregs Hytteeigarforbund Trond Hagen skjønnar godt at Pedersen blir frustrert. Han har sjølv opplevd å få nysgjerrige folk tett på hytta.

No ber han folk om å skjerpe seg.

– Det er uakseptabelt å kikke inn i andre sine hytter på den måten. Ein kan jo skremme livet av folk, seier Hagen.

Styreleiaren opplever at folk har lettare for å ta seg til rette på hytter når dei ligg i skog og mark eller på fjellet.

Trond Hagen, styreleder Norges Hytteforbund

Trond Hagen er styreleiar i Noregs Hytteeigarforbund.

Foto: Norges Hytteforbund

– Allemannsretten gjev deg ikkje rett til å kikke inn vindauga til folk.

Rett og plikt

– Dette viser at det er viktig å gjere folk merksame på at slikt ikkje er greitt, seier generalsekretær i Norsk Friluftsliv Bente Lier.

Hennar organisasjon jobbar for å fremje allemannsretten. Men ho opplever at folk gløymer pliktene som følgjer med til denne retten.

– Ein skal ferdast med omsyn til naturen, grunneigarar og andre folk. Å kikke inn vindauge på hytter er ikkje greitt, seier Lier.

Bente Lier, Norsk Friluftsliv

Bente Lier er generalsekretær i Norsk Friluftsliv. Ein paraplyorganisasjon for blant anna DNT og NJFF.

Foto: Gard Eirik Arneberg / Norsk Friluftsliv

Flagg på hytta

Per Magne Pedersen tek no grep for å vise folk at han er til stades på hytta. Slik at han ikkje får fleire nysgjerrige folk i vindauga.

– Eg har sett opp det norske flagget. I tillegg vurderer eg fleire grep. Eg får forske litt på kva som funkar, seier hytteeigaren.

Trond Hagen i hytteeigarforbundet seier flagg kan vere ei god løysing for å vise at ein er på hytta. I tillegg oppfordrar han folk til å stenge for vindauge og dører når ein reiser frå hytta.

Da er sjansen mindre for at folk tek seg ein kikk.

Norsk flagg på hytte

I Tuddal har Per Magne Pedersen no hengt opp eit flagg for å vise folk at han er på hytta.

Foto: Per Magne Pedersen