– Dette har vore kjempegøy. Bursdag på barneavdelinga er heilt topp, seier avdelingsleiar ved Sjukehuset Telemark, Jorunn Halsen.
Jubileet er feira med ballongar, kaker og fleire gåver.
– Vi har fått fine pengegåver som skal brukast til aktivitetar til barna som er innlagde her, seier klinikksjef Ansgar Berg.
Han seier 70-åringen er langt sprekare i dag, enn det han var i 1953.
– På 50-talet hadde vi eit heilt anna syn på barn og unge. Vi tek meir omsyn til kva dei tenkjer, ønskjer og dei behova dei har no enn då. Den største forandringa er kanskje at no får dei ha foreldra sine med seg, seier Berg.
Små vaksne
På 50-talet hadde sjukehusa eit besøksreglement som oppmoda foreldre til ikkje å besøkje barna sine.
Barna vart forventa å skulle oppføre seg som små vaksne. Helsevesenet hadde manglande forståing og respekt for barns synspunkt og behov.
Mykje har heldigvis forandra seg sidan den gong.
– Det beste ved å vere her er å kunne gjere ein forskjell for barna. Vi skal vere ambassadørar for at barna skal ha det best mogleg når dei er sjuke. Det å kunne vere med og påverke det er veldig fint, seier Halsen.
70 år er vel ingen alder for ei barneavdeling.
Foto: Anita Moland / NRKStore forskjellar
Før tida av barneavdelinga, vart premature babyar anten lagde i skoesker oppå ein varmeomn, eller i meir avanserte «glasboksar» med lokk og varmelamper.
I dag har sjukehuset både kuvøser og høgteknologiske pustemaskiner. Det elektroniske utstyret overvaker pulsen til barnet, pust, temperatur, blodtrykk og innhald av oksygen- og koldioksid i blodet til kvar tid.
Ein av dei som verkeleg har hatt bruk for barneavdelinga er Simone Arnesen. Då ho var 11 år gammal vart ho brått sjuk.
– Då fekk eg krampeanfall på danskebåten til Fjordline, og båten måtte snu.
Barneavdelingen ved Sjukehuset Telemark har vore ein del av barndommen til Simone Arnesen.
Foto: Anita Moland / NRKSimone kom til sjukehuset i Skien der dei fekk teke MR. Der fann legane ut at ho hadde ein hjernetumor.
– Kjempeskummelt
Kort tid etter vart ho operert på Rikshospitalet i Oslo, og har sidan gått til jamlege kontrollar ved Sjukehuset Telemark.
– Som 11-åring og livredd for sprøytar, var det kjempeskummelt å bli innlagd her. Eg var veldig redd. Samtidig hadde eg så fine folk rundt meg, og det gjorde situasjonen betre.
Dei tilsette på sjukehuset var viktige for henne, og har vorte ein del av barndommen hennar.
– Eg er ikkje redd for å dra innom sjukehuset, det er stikk motsett. Eg vil heller dra på dit ein gong for mykje, enn ein gong for lite.