Hopp til innhold

Avlyst for første gong sidan 1866: Tapar ein halv milliard

Dyrsku'n samlar nesten 100 000 besøkande kvart år. No er den avlyst.

Dyrskun

BLIR AVLYST: Dyrsku'n i Seljord har vore arrangert kvart år sidan oppstarten i 1866. No fører koronatiltaka til at det tradisjonsrike arrangementet må avlysast.

Foto: Dyrsku'n Arrangement

Noregs største landbruksmesse har overlevd det meste på sine 153 år. Men tysdag bestemte arrangørane seg for å avlyse.

Årsaka er koronarestriksjonane.

– Det er uverkeleg, men sant, seier marknadssjef Yvonne Eilefstjønn.

Arrangementet har rundt 800 utstillarar som til saman omset for ein halv milliard kroner på messa kvart år.

Stort oppmøte under åpningen av Dyrsku'n.

Avstandskravet og andre smitteverntiltak fører til at Dyrsku'n i Seljord ser det som uforsvarleg å gjennomføre årets arrangement i september.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Umogleg med avstand

Regjeringa heldt fast ved at større arrangement kan medføre risiko for store smitteutbrudd.

Dyrsku'n seier det vil vere umogleg å halde oppe krav til ein meters avstand og smitteverntiltak for matservering. Dei meiner det vil vere uforsvarleg å arrangere.

– Vi håpa i det lengste på eit anna utfall, men det er klart at omsyn til liv og helse må gå først, seier dagleg leiar Geir Helge Espedalen.

– Store konsekvensar for samfunnet

Dyrskuplassen i Seljord samlar 200 000 menneske til ulike arrangement kvart år, mellom anna Countryfestivalen.

Ordførar Beate Marie Dahl Eide er bekymra for kva det vil ha å seie for lokalsamfunnet. No ber ho regjeringa om pengar til å sikre arbeidsplassar og frivillig sektor.

Dyrskuplassen har 17 fast tilsette og 2000 frivillige er i sving under arrangementa.

– Vi har mange heilårsarbeidsplassar knytte til aktivitetane på Dyrskuplassen, så konsekvensane for samfunnet vil bli store. Seljord blir særs hardt ramma, seier ho.

Countryfestivalen i Seljord 2019

Countryfestivalen er eit av arrangementa som samlar mykje folk på Dyrskuplassen i Seljord.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Etterlyser meir pengar

Dyrsku-sjefen håpar at betre kompensasjonsordningar vil komme på plass.

– Vi vil jobbe tett opp mot politikarar og departement for å dra dette vidare, seier han.

Tidlegare landbruksminister og no stortingsrepresentant for Frp, Bård Hoksrud, seier at han vil jobbe for å sikre vidare drift.

– Liv og helse må gå føre arrangement, uansett kor trist det er. Med nesten 100.000 besøkande veit eg at det er mange som er skuffa no, seier Hoksrud.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) var ikkje tilgjengeleg for ein kommentar tysdag ettermiddag.