Hopp til innhold

Barneskule byter frå nynorsk til bokmål: – For ungdommanes beste

Hjartdal kommune såg seg nøydd til å arrangere folkeavstemming for å høyre om innbyggjarane ville ha nynorsk eller bokmål på barneskulen. Onsdag vart saka endeleg avgjord.

Tavle nynorsk bokmål.

SKIFTAR HOVUDMÅL: Saka vart avgjort i kommunestyret i Hjartdal onsdag.

Foto: NRK

Til og med barneskulen har elevane i Hjartdal kommune hatt nynorsk som hovudmål.

Det blir det slutt på frå hausten av.

Onsdag avgjorde nemleg eit knapt fleirtal i kommunestyret at skulen skal gå over til bokmål.

Gjennomførte folkeavstemming

Målforma har lenge vore eit heitt tema i den vesle telemarkskommunen.

Ei undersøking i regi av FAU på skulen tidlegare i år viste at 85 prosent av foreldra og 77 prosent av elevane ønskte å byte ut nynorsken.

Les også Nynorsk i skulen splittar bygda: – Må tenkje på elevane

Fv: Enock Mizerero, Ingar Sletta Tråer (bokmål) og Herman Wåle og Kari Bøe ( begge nynorsk).

Fleire elevar har valt å byte til bokmål då dei byrja på ungdomsskulen, og kunne velje.

I 9. klasse ved den lokale skulen er det no ingen nynorskbrukarar.

I mars gjennomførte kommunen difor ei rådgjevande folkeavstemming for å høyre kva bygdefolket meinte om saka.

Den viste at eit lite fleirtal framleis ønskte å behalde nynorsk som hovudmål.

Onsdag var det altså kommunepolitikaranes tur til å ta den endelege avgjerda.

Etter ein lang debatt stemde ni av representantane for å byte, medan åtte ville behalde nynorsk som før.

Ordføraren fornøgd

Ordførar Bengt Halvard Odden (Ap) stemde sjølv for bokmål, og er dermed fornøgd med resultatet.

Bengt Halvard Odden, AP-ordfører i Hjartdal

Bengt Halvard Odden, Ap-ordførar i Hjartdal.

Foto: Gry Eirin Skjelbred / NRK

– Det er ei stor overvekt av elevar ved skulen som har søkt om og fått innvilga undervisning på bokmål. Det vi gjer no er eigentleg å tilpasse hovudregelen for opplæring i tråd med det elevane faktisk har hatt, seier han.

Vedtaket blir innført til hausten.

– Vi har vore opptekne av å få denne avklaringa no, slik at skulebøker skal kunne handlast inn på det målet som vart valt.

Han trur ikkje dette vil få store økonomiske konsekvensar for kommunen.

– Rett avgjerd

Heidi Katrine Solberg Særsland er mor ved skulen i Hjartdal, og lærar i Notodden kommune.

Ho forstår at avgjerda var vanskeleg å ta for politkerne, men synest konklusjonen er viktig og rett.

Når du med erfaringa mi som lærar ser at mange slit med opplæringa, tenkjer eg det er viktig at dei kan få tileigne seg kunnskap gjennom bokmål, seier ho.

Heidi Katrine Solberg Særsland

Heidi Katrine Solberg Særsland har engasjert seg i saka. Ho er mor ved skolen, og jobbar som lærar i nabokommunen.

Foto: Privat

– Så lenge majoriteten ved Sauland skule har valt bokmål, bør det også undervisast på bokmål. Dette er jo for barna og ungdommanes beste. Det er det som tel, meiner Særsland.

Kjennest veldig feil

Det er ikkje Solvor Mowinckel Småkasin samd i.

Ho var ein av dei som ikkje likte nynorsk då ho gjekk på skulen, og ville helst hatt det vekk.

– Men så veks ein til og får litt meir vidsyn her i livet. Eg flytta til Oslo og studerte, og då byrja eg plutseleg å skjønne at nynorsk er veldig nyttig å ha med seg. Lese artiklar eller fag på nynorsk og sleppe å måtte bruke mykje energi på det.

Solvor Mowinckel Småkasin med barna Gisle og Saga

Solvor Mowinckel Småkasin med barna Gisle og Saga som byrjar på skulen til hausten.

Foto: Privat

Det er ho takksam for no i ettertid. Ho trur livet hadde sett ganske annleis ut.

Til hausten byrjar barna hennar Gisle og Saga på skulen. Ho hadde eit sterkt ønske om at dei skulle oppleve det same og bli trygge i å lese og forstå nynorsk.

– Dei har jo teke frå meg og ungane den moglegheita. Det synest eg er veldig synd.

Småkasin meiner at kommunen og barna mistar mykje for framtida.

– Det her kjennest veldig feil. For framtida mistar dei mykje ved at dei ikkje får den forståinga for nynorsk-skriftspråk og her vi bur.

Færre skular med nynorsk

Skular med nynorsk som hovudmål er redusert med 20 prosent på ti år, ifølgje tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det dreiar seg også om at nynorskskular er bygdeskular som blir nedlagd eller slått saman.

Nedgangen gjer likevel Språkrådet uroleg.

Dei ser at endringa skjer i område som grenser til bokmålskommunar.

– Nynorsk står sterkt mange plassar, men er meir pressa på Austlandet. At dette er ein telemarkskommune, er ikkje heilt utypisk, sa språkforskar Daniel Ims i Språkrådet til NRK i mars.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark