Dei fleste drøymer kanskje om ein roleg kvardag utan slit og for mange forpliktingar når ein blir pensjonist.
Slik er det ikkje for Arild Hamre frå Vinje.
Saman med kameraten Kjell Nervold (70) stod dei på Nordkapp 25. juli, klare for å sjå Noreg frå sykkelsetet.
– Ja, du veit det er litt spinnvilt, men me har lagt ut på ein tur frå Nordkapp til Lindesnes. Det er litt i overkant av det som er forsvarleg for oss gamle karar, seier Hamre med eit smil.
I skrivande stund har dei sykla om lag 600 kilometer og er på Andøya i Nordland.
Dei køyrer ikkje E6, den strakaste vegen, men har valt ei rute langs kysten.
– For vår del er det turen som er målet. Om me kjem til Lindesnes, er det bonus. For ein veit aldri, det er mange ting som kan skje. Det er risikabelt å sykle på trafikkerte vegar.
Lite butikkar i Finnmark
Dei spreke karane har pakka med seg telt og det dei treng, for ein tur gjennom eit variert Noreg.
Dei har likevel planlagt å stoppe innom nokre butikkar for å fylle opp matlageret.
Det vare verre i Finnmark, for der var det store avstandar mellom daglegvareforretningane, fortel Hamre. Det var dei ikkje heilt førebudd på.
– Ifrå Nordkapp og nedover til Honningsvåg var det ikkje tett med butikkar. Me hadde heldigvis blitt åtvara av dei lokale, at me måtte førebu oss på lite butikkar.
Privilegerte
Dei to kjenner seg heldige som har moglegheita til å gjere dette.
– Ja, du verda. Me er privilegerte som kan drive med slike ting.
Hamre meiner det er litt ekstremt å sette ut på ein slik sykkeltur.
– Men det er livskvalitet å kunne gjere slike ting.
Han vil anbefale alle å reise nord i Noreg og oppleve den fantastiske naturen og mangfaldet, og trekkjer spesielt fram Senja, ei øy han hadde lite kunnskap om.
– Det var ekstremt fint med fjelltoppar som tindar og flotte fjordar.
Jubileum
Om alt går etter planen er det framme på Noregs sørlegaste punkt, Lindesnes 15. august.
Då vil også ein gamal draum ha gått i oppfylling for Hamre.
– Eg har hatt denne sykkelsporten som ein hobby iallfall i 40 år, så eg har 40-årsjubileum som syklist.