Kirurgane ved mage- og tarm-avdelinga ved Sjukehuset Telemark har vore for dårlege til å dokumentere pasientopplysningar i journalane.
Sjukehuset Telemark får kritikk av Helsetilsynet. Foto: NRK
Det viser ein rapport som Helsetilsynet har utarbeida.
Fylkeslege i Telemark, Ottar Christiansen, seier det er kritikkverdig at reglane ikkje blir følgdt;
- Nødvendige opplysningar om pasientane manglar i pasientjournalane. Dessutan får ikkje pasientane nok informasjon om sjukdomen og behandling.
Christiansen seier at pasientane også har fått informasjon om alvorlege forhold når uvedkomande har vore tilstades.
Forholda er alvorlege
I sin rapport karakteriserer Helsetilsynet forholda som alvorlege, og krev at avdelinga betrar rutinene snarast.
- Kommunikasjon og dokumentasjon er svært viktig i slike tilfelle, seier fylkeslege Ottar Christiansen.
Han meiner ukultur på avdelinga og tidsklemma kan vere forklaringa på dei avvika som er påtalt.
NRK har ikkje lukkast med å få ein kommentar frå ansvarlege ved tarm- og magekirurgisk avdeling ved Sjukehuset Telemark.