SE OGSÅ: |
ALT OM: |
NRK Brennpunkt fortalte tysdag historia til systrene Bente og Anne Berit Søyland som klandrar barnevernet for at dei ikkje tok omsorga frå foreldrene og lot dei vekse opp hos fosterforeldre.
Stortingsrepresentant John Alvheim (Frp)
Leiar i Stortingets helse- og sosialkomite, John Alvheim, var sjølv med og heldt apell mot at barnevernet skulle gripe inn, men han ser ingen grunn til å gå tilbake på det han meinte den gongen.
Sterk kritikar av barnevernet
- På det tidspunktet eg var med i aksjonen ser eg ingen grunn til å gå tilbake på noko, seier Alvheim.
Han seier at han har vore og er ein sterk kritikar av barnevernet.
- Det er alt for ofte at barnevernet tek ungane ut av heimane framfor å sette inn hjelp i heimane, seier han.
Må gje støtte i heimen
Og Alvheim meiner det var ingenting som hindra barnevernet i Porsgrunn å sette inn støtte i heimen i Søylandsaka.
- Sjølv om det var ein aksjonskomite, så kan ikkje barnevernet fråskrive seg ansvaret heilt, seier han.
Alvheim meiner framleis at barn og foreldre skal vere forsiktige med kva dei fortel til barnevernet fordi dette kan bli bruka mot dei ved seinare høve.
- Men barnevernet er blir betre, også i Porsgrunn. Sjølv om det er framleis er mykje å kritisere, seier Alveheim.