Hopp til innhold

Alle kan framleis få det giftige avfallet

Det er enno ikkje klart kor anlegget for det farlegaste giftige avfallet i Noreg skal liggje. To av dei fire alternativa vil ikkje ha deponiet til sin kommune, men Klima- og miljøministeren seier at alle destinasjonane framleis er aktuelle.

Basseng av flyveaske og svovelsyre på Langøya utenfor Holmestrand.

TRENG MEIR KAPASITET: Det meste av farleg avfall i Noreg lagrast hos NOAH AS på Langøya utanfor Holmestrand. Snart er det fullt og selskapet treng difor eit nytt deponi.

Foto: NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det at Miljødirektoratet no har bedt om meir informasjon frå dei som ønsker eit slikt deponi til sin kommune, ser me på som ein positiv ting, seier Thor Kamfjord.

Thor Kamfjord

NEI: Thor Kamfjord vil ikkje ha deponiet for farleg avfall til Brevik.

Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Kamfjord er blant dei som ikkje vil ha eit deponi til Brevik i Porsgrunn kommune. Den vesle kystbyen har i lang tid vore aktuell som destinasjon for det nye deponiet som skal lagre giftig avfall. I mai konkluderte også Miljødirektoratet med at dei 25 mil lange gruvegangane i Brevik var den best egna plassen å leggje deponiet.

Dei andre plassane som er aktuelle for eit deponi saman med Brevik er Kvinesdal, Nesset og Sokndal. Sistnemnde har som Brevik sagt at dei ikkje vil ha deponiet. Kvinesdal og Nesset er derimot positive, og det er desse to kommunane som har blitt bedt om å sende meir informasjon til Miljødirektoratet.

I mai gjekk Miljødirektoratet inn for Brevik.

– Me vil sjølvsagt ha ei avklaring så fort som mogleg, og me heiar fram Kvinesdal og Nesset som verkeleg har meldt seg på i konkurransen om deponiet, seier Kamfjord.

Gruvegangene i Brevik

MOGLEG DEPONI: Det er i dei lange gruvegangane i Brevik ein ønsker å leggje deponiet.

Foto: Norcem

Vurderar framleis alle alternativ

Skal me tru Klima- og miljøminister Vidar Helgesen, må ikkje motstandarane i Brevik sprette champagnekorken alt for fort.

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H)

Klima- og miljøminister Vidar Helgesen seier alle alternativa framleis blir vurdert.

Foto: Øystein Økter / NRK

Alle fire alternativa ligg framleis på bordet hos oss, seier Helgesen.

Helgesen ønsker også å ta ei avgjersle så raskt som mogleg, men han seier at dei ikkje er redde for å ta den tida dei treng i ei så viktig sak. Dei to kommunane Kvinesdal og Nesset har no fått beskjed om å fortelje meir om planane sine, skulle dei få anlegget for farleg avfall til sin kommune.

NOAH vil ha Brevik

Det er selskapet NOAH AS som skal drive anlegget for farleg avfall.

– Alt me kan gjere noko er å vente på ei avgjersle frå ministeren, men me kjempar for å få deponiet til Brevik fordi me meiner det er den beste løysinga, seier prosjektdirektør i NOAH, Egil Solheim.