Rjukan heidrar legende

Rjukan Rockfestival heidrar rockelegenden Åge Aleksandersen. Under friluftskonserten i Tveitoparken i fredag kveld fekk den folkekjære artisten Rjukan Rockfestival sin rockepris.

Åge Aleksandersen

Åge Aleksandersen på friluftsscenen i Tveitoparken.

Foto: Lasse Ljung

Åge Aleksandersen og Sambandet kom med sommaren.

– Magisk, seier festivalsjef Morten Engh om ramma rundt friluftskonserten, der det truleg var mellom to og tre tusen tilhøyrarar.

– Det er berre Åge som samlar folk frå langt ned i tenåra til godt over 70 år.

Blei dobbelt prisvinnar

Det er ikkje fyrste gong Tinn-samfunnet heidrar Åge Aleksandersen. Tidlegare har han fått Solprisen. No får han pris for å gjere rock til folkeeige.

Festivalen held fram

I dag held Rjukan Rockfestival fram med store namn som Seigmenn, Rainmakers, folkerockgruppa Bergtatt og med lokale Tor Vegar Mårdalen, som tek med seg gruppa Jam Rakta frå Bergen.

– Vestfjorddalen står framfor ein stor kveld, og ei endå større natt, seier festivalsjef Morten Engh.

Rjukan Rockfestival

– Magisk, seier festivalsjef Morten Engh om friluftskonserten i Tveitoparken.

Foto: Lasse Ljung