Hopp til innhold

Riksantikvaren: – Admini har stor nasjonal verdi

I dag blei representasjonsanlegget Admini på Notodden freda. Fredinga blei markert med eit ope arrangement i hagen

Hydros Admini - Notodden

Admini er uløyseleg knytt til starten på industriutbygginga på Notodden og Rjukan.

Foto: Eystein Andersen, Telemark fylkeskommune

Dei som var møtt fram fekk sjå Helge Songe framføre ein monolog som Sam Eyde, før den offisielle fredingsseremonien starta.

Riksantikvar Jørn Holme overrekte fredingsdokumenta til Hydro som eigar.

– Admini på Notodden er eit av aller fremste og best bevarte eksempel på denne typen representasjonsanlegg i landet. Det er svært forseggjort og påkosta, og har stor nasjonal verdi, sa riksantikvar Jørn Holme i sin tale under marketingen.

Les også: – Bedre enn Taj Mahal

Admini Notodden blei oppført i 1906 som Norsk Hydros representasjonsanlegg. Her budde Sam Eyde når han var på Notodden.

Fredning Admini

Admini på Notodden blei offisielt freda den 10. april 2015.

Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren

Tok imot internasjonale gjester

Sam Eyde og Hydro trengde eit førsteklasses representasjonsanlegg som kunne ta imot internasjonale samarbeidspartnarar for å skaffe den store kapitalen som kravdest til deira ambisiøse prosjekt.

Admini er uløyseleg knytt til starten på industriutbygginga på Notodden og Rjukan.

Både eksteriøret og i interiøret til Adminiet har stor arkitektonisk og kunstnerisk verdi. Anlegget blei teikna av arkitekt Henning Kloumann.

Store delar av interiøret blei laga av kunstnaren John Borgersen, og måleria av kunstnaren Thorolf Holmboe og er malt spesielt til Admini på oppdrag frå Sam Eyde.

Les også: Optimisme for verdensarvsøknad

Viktig kulturminne

Fredinga omfattar Adminiet, adminiets villa, park, uthus og tre tennisbaner.

Industrielle kulturminne og kulturmiljø frå det 20. hundreår er i dag i liten grad representert blant freda objekt.

Admini Notodden blir derfor freda for å bidra til å nå det nasjonale målet om eit representativt utval freda kulturminne innan 2020.

– Eg er sikker på at Hydro og kommunen vil vere veldig stolt av dette anlegget som betyr så mykje for konsernet, området og Noreg si historie, seier Holme.

Han seier det følgjer med eit tilskot til eigar når bygningar blir freda.