Hopp til innhold

Meiner Hareide må sjå nærare på skiltinga her

Det er ingen informasjon om ein av dei viktige stamvegane mellom aust og vest på veg ut av Oslo ved Sandvika.

E18 ved Sandvika

«HEMMELEG» VEG: Mange reager på at det er for dårleg skilta til E134 når du køyrer E18 frå Oslo, og meiner det er reiselivet og det lokale næringslivet som taper på det.

Foto: Ragnvald Christenson

– Når du køyrer frå Oslo, så startar dei med å skilte til Bergen og Kristiansand ved Sandvika. Men Haugesund og E134 blir ikkje nemnt.

Ragnvald Christenson i Haukeli framfor skilt på E134.

– Slik skal det vere skilta, seier Ragnvald Christenson. Det skiltet står i Haukeli der riksveg 9 møter E134.

Foto: Privat

Det seier Ragnvald Christenson i Haukeli. Han meiner E134 blir forbigått som stamveg mellom aust og vest av Statens vegvesen.

Christenson er pensjonert næringsdrivande i Haukeli, og har jobba innan treindustrien, kolonialbransjen, bokhandel og trykkeri i sitt yrkesaktive liv.

– Går glipp av inntekter

Han opplever at det lokale næringslivet går glipp av store inntekter fordi det ikkje blir informert om E134 som eit alternativ for å køyre mellom Austlandet og Vestlandet.

Det er ikkje tilfeldig, meiner Christenson.

– Det er truleg mange vegar som har lidd same skjebne som E134, det er mange «småkongar» i den offentlege administrasjonen og blant politikarane som dersom dei har høve til det, gjer som dei vil.

Fekk endra skilting i Drammen

Pål Kårbø skifter parti

Pål Kårbø er dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I 2008 fekk Christenson endra skiltinga for E134 i Drammen etter å ha fått kontakt med dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete frå Senterpartiet. Der er det no skilt som viser at E134 går til Haugesund.

No vil dagleg leiar i E134 Haukelivegen AS, Pål Kårbø, ta kontakt med samferdsleminister Knut Arild Hareide.

– Eg synest Christenson har eit veldig godt poeng. Det er opplagt at vår veg må skiltast på same måte som dei andre stamvegane.

Kårbø vil ta saka opp med politikarar på Stortinget.

– Eg vil ta det opp på ministernivå, slik det blei gjort i 2008. Det er på tide å oppdatere Hareide på dette, tenkjer eg.

– Viktig for reiselivet

Geir Sigbjørn Toskedal er stortingsrepresentant for KrF i Rogland og vekependlar på E134 til Oslo. Han opplever skiltinga som veldig fragmentert.

Geir Toskedal i gangen på Stortinget

Geir Sigbjørn Toskedal meiner skiltinga på E134 kan bli betre.

Foto: Inger Johanne Stenberg / NRK

– Det er liksom skilta stykke for stykke. Eg saknar at du får ein god informasjon alt frå du startar på det sentrale Austlandet og det same for andre vegen.

Toskedal meiner dette er noko Vegvesenet og Vegdirektoratet bør ordne opp i. Han meiner god skilting er viktig for reiselivet og transportsektoren.

– Eg vil også ta det opp med samferdsleministeren.

Kan bli for mange

Statens vegvesen i Vestfold og Telemark meiner det er viktig at det ikkje blir for mange skilt, for at folk skal oppfatte kva som står der.

– Vi har eit gjennomtenkt system for heile landet som er basert på vegnummer og veglenker, seier seksjonssjef Eivind Gurholt.

Riksveg 13 har ingen skilt som viser til E134 og Haukelifjell.

Christenson meiner det manglar eit skilt som viser veg til E134 ved Granvin i Voss kommune.

Foto: Ragnvald Christenson

Seksjonssjef Eva Larsen i Statens vegvesen skriv i eit svar til Christenson at skiltinga langs E134, både mot aust og vest, er forståeleg og logisk.

– Det same gjeld skiltinga langs E16 frå Bergen mot Voss.

Statens vegvesen føreset også at dei som skal reise på lengre strekningar set seg inn i alternative vegruter på kart eller GPS.

E134 er viktig veg

Men Pål Kårbø i E134 Haukelivegen AS meiner det kan bli betre skilta for E134. Han viser til aust-vest utgreiinga frå 2015 der E134 kom ut som den beste.

Kårbø seier det er sjølvsagt at den beste aust-vest strekninga skal skiltast skikkeleg.

– Så eg ventar at når ein kjem inn i Sandvika og skal vestover, så er det også skilta med stipla linje til E134 og Haugesund.

Skilt som viser avstand til Bergen før Odda på rv 13.

Dette skiltet står på riksveg 13 før Odda. Her får du informasjon om alternative vegar til Bergen.

Foto: Ragnvald Christenson