Hopp til innhold

Får for lite mat: – Tilsette aner ikkje korleis dei skal handtere det

– Det ringer fortvilte pårørande kvar veke fordi pasientane ikkje får god nok ernæringsoppfølging, seier Magne Wang Fredriksen i Noregs Parkinsonforbund.

Generalsekretær i Norges Parkinsonforbund, Magne Wang Fredriksen, får mange henvendelser fra fortvilte pårørende.

FORTVILA: – Tilsette seier sjølve at dei synest det er vanskeleg. Dei aner ikkje korleis dei skal handtere det, seier generalsekretær Magne Wang Fredriksen i Noregs Parkinsonforbund.

Foto: Olav Heggø / Olav Heggø / Fotovisjon AS

Nyleg fortalde NRK om ein pasient som vart liggjande ei veke utan næring og viktige medisinar mot Parkinsons sjukdom ved Skien helsehus.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark meiner oppfølginga av ernæring og legemiddelhandteringa var uforsvarleg. Dei konkluderte med fleire lovbrot i saka.

Skien kommune har beklaga at det ikkje vart gitt forsvarleg helsehjelp og jobbar med å følgje opp Fylkesmannens avgjerd.

Parkinsonforbundet trur ikkje hendinga er unik.

Treng næring

Magne Wang Fredriksen i forbundet meiner det er vanleg at helsetilsette, spesielt i kommunane, ikkje har nok kunnskap om ernæring for denne sjukdomsgruppa.

– Det ringar fortvilte pårørande kvar veke fordi pasientane ikkje får god nok ernæringsoppfølging. Tilsette seier sjølve at dei synest det er vanskeleg. Dei aner ikkje korleis dei skal handtere det, seier Fredriksen.

Han meiner næring er viktig når allmenntilstanden er svekt.

– Det er avgjerande for å ha god effekt av anna behandling, seier han.

Feilernærte

15 prosent av alle parkinsonpasientar er feilernærte. Og 24 prosent av alle som bur heime, er i risiko for å utvikle underernæring, ifølgje den europeiske rettleiaren ESPEN frå 2018.

– Vi ser at det er eit behov for å auke kompetansen nasjonalt.

Det seier klinisk ernæringsfysiolog Ida Kristiansen ved nasjonal kompetanseteneste for bevegelsesforstyrringar. Ho forskar på vekttap, vitamin- og mineralmanglar ved Parkinsons sjukdom.

Ida Kristiansen, Nasjonal kompetansetjeneste for bevegelsesforstyrrelser mener kommunene må jobbe mer systematisk for å unngå underernæring blant parkinsonpasienter.

VIKTIG MAT: – For parkinsonpasientar er det ekstra viktig at mat og drikke gir riktig og nok energi til å lindre plager og symptom, seier klinisk ernæringsfysiolog, Ida Kristiansen. Ho forskar på parkinsonpasientar og vekttap.

Foto: Svein Lunde

Mat kan lindre plager

Biverknader av medisinar, ufrivillige rørsler, svelgevanskar, høg alder og plager med fordøying kan vere årsaker til underernæring.

Derfor er det ekstra viktig at mat og drikke gir riktig og nok energi til å lindre plager og symptom.

– Underernæring kan påverke kognitive evner, funksjonsnivå og kor aktive dei kan vere i kvardagen. Pasientar som utviklar underernæring, får lettare infeksjonar og sår gror saktare, seier ho.

Parkinson kan ramme heile mage- og tarmsystemet. Tilstrekkeleg fiberinntak er derfor viktig for å halde oppe funksjonane. Nok drikke er nødvendig for å ha god effekt av medisinar, unngå forstopping og dehydrering.

– Ved svelgevanskar er det òg viktig at konsistensen på maten blir tilpassa for at den skal vere trygg å innta og næringstett nok til å dekkje det daglege behovet, seier Kristiansen.

Dårlege råd florerer

Nasjonal kompetanseteneste for bevegelsesforstyrringar og Parkinsonforbundet har samarbeidd om eit e-læringsprogram om kosthaldsråd for helsetilsette, pasientar og pårørande.

– Dårlege ernæringsråd florerer på nettet. Riktige kosthaldsråd forbetrar fordøyinga og lindrar symptom. Tilsette opplever det som ein tryggleik å få vite kva rolle ernæring kan ha for livskvalitet og lindring, seier ho.

Tilfeldig

Det varierer mykje korleis kommunane følgjer opp nasjonale retningslinjer for å førebyggje og behandle underernæring.

– Det manglar ikkje på dokument frå styresmaktene om at dette er viktig. Men det systematiske ernæringsarbeidet må bli forankra ute i kommunane, slik at det ikkje er tilfeldig at nokre pasientar får ein plan for kosthaldet, og andre ikkje, seier Ida Kristiansen.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark opplyser at dei får ein god del klager som gjeld sjukeheim og heimesjukepleie der mangelfull oppfølging av ernæring er eitt av fleire klagepunkt. Dette gjeld ikkje parkinsonpasientar spesielt.

– Kompetanse hos helsepersonell er ein viktig faktor i kvaliteten på tenestene som blir ytte og eit område som vi har særleg fokus på, kommenterer fagsjef Ingvild Møller Ludviksen.