Hopp til innhold

– Hardangervidda er ein del av identiteten til folk i fjellbygdene

Folk som bur ved Hardangervidda reagerer mykje meir på forsøpling, slitasje og trengsel enn turistar som er på korte besøk.

Knut Olav Edland ved kaffebålet på Hardangervidda.

FJELLFOLK: Knut Olav Edland ved kaffibålet. For dei fastbuande er Hardangervidda viktig for rekreasjon, jakt og fiske.

Norsk institutt for naturforsking (NINA) har gjennomført ei spørjeundersøking blant folk som bur i ti kommunar rundt Hardangervidda.

Undersøkinga viser at folk føler eit eigarskap til Hardangervidda.

– Det sit i ryggmergen. Hardangervidda er ein viktig del av identiteten til dei fleste som bur i fjellbygdene. Det formar deg, korleis du tenkjer og korleis du vil prioritere, seier Knut Olav Edland som bur i Vinje kommune.

Han er ein ivrig brukar av vidda til rekreasjon, jakt og fiske. Edland har delteke i spørjegranskinga og kjenner seg igjen i rapporten til NINA.

Knut Olav Edland og dottera Ingebjørg på reinsdyrjakt på Hardangrvidda

Knut Olav Edland og dottera Ingebjørg på reinsdyrjakt på Hardangervidda.

Foto: Privat

Reagerer på søppel og slitasje

Norsk institutt for naturforsking har gjennomført eit ferdselsprosjekt over fleire år der dei har registrert korleis turistar brukar Hardangervidda. Vegard Gundersen i NINA seier det også er viktig å løfta fram dei lokale si meining.

– Vi håpar deira meining blir viktige i arbeidet vidare, og at ein tenkjer seg litt meir om før ein skal gjere store tilretteleggingar i eit område.

Gundersen seier at dei som bur ved Hardangervidda reagerer mykje sterkare på søppel ved parkeringsplassar, slitasje på stiar og at det er trengsel i enkelte område under høgsesongen.

Dei er også meir skeptiske til bruk av sykkel langs stiane.

– Dei ser at det kjem mykje folk, ting endrar seg og det blir større slitasje. Det blir ein del søppel, kanskje etter toalettbesøk. Då får dei ein reaksjon i forhold til det dei er vane med.

Turistar vil ha sti å gå på

Dei som lever i og forvaltar området dagleg, kan oppleve at dei tilreisande er opphavet til negative forhold.

Vegard Gundersen

Vegard Gundersen i Norsk institutt for naturforsking.

Foto: Privat

Mange tilreisande veit kanskje at Hardangervidda er ein populær nasjonalpark. Dei forventar derfor at det skal vere ein del andre folk i området, med dei konsekvensane det ofte inneber.

Når det gjeld forbod mot ferdsel på Hardangervidda er dei fastbuande og hyttefolket ueinige.

– Viss ein tenkjer seg at eit område får forbod mot ferdsel fordi det er så viktig for villreinen, så er dei lokale ekstremt negative til det. Det er også tilreisande og hyttefolk, men dei er meir positive til det. Så lenge dei har ein sti å gå på, så er det nok for dei.

Gundersen meiner det er ein konflikt i forhold til kva for tiltak ein kan sette i gang. Dei lokale kan oppleve restriksjonar på eigen og tradisjonell bruk, medan «turist-bruk» har færre avgrensingar.

– Det kan skape misnøye, seier Gundersen.

Vegard Gundersen i NINA med teljepunkt på Hardangervidda

Vegard Gundersen peikar på eit av teljepunkta. NINA har registrert korleis turistar brukar Hardangervidda om sommaren og vinteren i eit ferdselsprosjekt over fleire år.

Foto: NINA

Mykje folk er hinder for villreinen

Øystein Haugen driv Haugen treindustri i Tessungdalen i Tinn. Han vil gjerne ha ein vinteropen veg over Imingfjell, slik at det blir lettare å kome til kundar i Hallingdal og Nore og Uvdal.

Han meiner turistløypene i nasjonalparken på Hardangervidda er eit større hinder for villreinen enn ein vinteropen veg over Imingfjell.

– Langs turistløypene så kjem det folk. Dei skrik opp når dei ser reinsdyr, og då forsvinn dyra over alle haugar. Det er gjerne i påsketider eller like etter. Rett før reinsdyra får kalv.

Haugen meiner turistløypene også bør vere stengt dersom villreinen er så viktig.

Øystein Haugen, Haugen Trevare i Tessungdalen i Tinn

Øystein Haugen synest det er tungvint å køyre mange mil ekstra om vinteren for å kome til kundar på andre sida av Imingfjell når vegen er stengt.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Viktig for næringsutvikling

Vegard Gundersen seier at både hytteeigarar og lokalbefolkninga meiner Hardangervidda vil vere viktig for framtidig næringsutvikling i bygdene rundt.

– Dei lokale har mest tru på utvikling av næring med utgangspunkt i mat og opplevingar med mat, open seter og besøkssenter og småskala overnatting.

Knut Olav Edland meiner det berre er fantasien som set grenser for aktivitetar som bygger på bruk av tradisjonelt landbruk, kulturlandskap, og dessutan jakt og fiske.

– Folk vil gjerne ha det tilrettelagt. Og dei vil gjerne betale for det, seier Knut Olav Edland.