Hopp til innhold

Kasta av eigaren – fleire tusen melder frå til Mattilsynet

Katten Fina blei etterlaten i ei pappkasse utan mat og drikke. Til nå i år har Mattilsynet fått inn 7000 bekymringsmeldingar om dyr som folk trur har det vondt.

katt

Eigaren til Fina ville ikkje ha ho lenger, og dumpa henne og ungane langs vegen.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Berre flaks gjorde at Fina og dei to ungane hennar blei funne i live, og levert til Redd Dyra Telemark.

Kjæledyreigarar kjem dårlegast ut i den ferske statistikken frå Mattilsynet som syner kor mange varselmeldingar det kjem på dårleg dyrevelferd.

– Eg er ikkje overraska. Vi får melding om kattar som er kasta i søpla, «attgløymde» i tomme hus, og kattungar som er køyrt av stad langt utanfor allfarveg og overlatne til seg sjølve, seier Nina Daapan i Redd Dyra Telemark.

– Kattar og dyr har ikkje noko slags vern, dei er heilt avhengige av sine eigarar.

katt

Redd Dyra har ikkje plass til alle kattene dei blir spurt om å ta imot.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Rundt 7000 meldingar til Mattilsynet

På landsbasis har det så langt i år kome inn rundt 7000 bekymringsmeldingar frå folk som varslar om dyr dei trur har det vondt fordi dei får for dårleg stell.

Jan Egil Aronsen

Jan Egil Aronsen i Mattilsynet i Nedre Telemark seier at to tredelar av varsla som kjem inn til Mattilsynets gjeld kjæledyr.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Distriktssjef Jan Egil Aronsen i Mattilsynet i Nedre Telemark seier at to tredelar av varsla som kjem inn til Mattilsynets gjeld kjæledyr. Berre ein tredel gjeld hobbyhest og andre husdyr.

– Det mest avgjerande når det gjeld dyrestell, er kompetanse. Dei som lever av å drive med dyr, tek også betre var på dyra, seier Aronsen.

Det er ikkje bøndene som er dei største syndarane, det er eigarar av kjæledyr som er mest i søkeljoset.

Antall varslingar til Mattilsynet om dyr

Region

Antall meldingar

Troms og Finnmark

502

Nordland

387

Trøndelag, Møre og Romsdal

1047

Hordaland, Sogn og Fjordane

675

Rogaland og Agder

1059

Buskerud, Vestfold og Telemark

1165

Hedmark og Oppland

829

Oslo, Akershus og Østfold

1845

SUM

7509

10.000 sidan starten

Distriktssjef Jan Egil Aronsen seier at trenden er lik over heile landet, kjæledyr ser ut til å vera dei som får dårlegast omsorg av sine eigarar.

Katt

Ein av kattane som er redda av Redd Dyra.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– I alle fall er det dei me får flest meldingar om, seier Aronsen.

Kvar sjuande melding som Mattilsynet har registrert, kjem frå fylka Buskerud, Vestfold og Telemark. Årsaka kan vera at det er urbane strok der folk kanskje skaffar seg kjæledyr utan heilt å forstå ansvaret, fortel Aronsen.

Varslingstenesta til Mattilsynet blei etablert sommaren 2010, og sidan den gong har det kome rundt 10.000 varslingar.

Alle skuldar på alle

Hjå Redd Dyra Telemark vil både Mattilsynet, politiet, kommunane og enkeltpersonar gjerne levere inn kattar, men Nina Daapan seier at dette er friviljug arbeid, og dei må rett som det er sei nei for køen av folk som kjem med heimlause kattar er alt for lang.

– Mattilsynet skuldar på kommunane, og kommunane skuldar på Mattilsynet, men ingen tek ansvar seier Daapan i Redd Dyra.

Ho legg til at det er alt for lett å skaffe seg kjæledyr, og dessverre alt for lett å kvitte seg med dei utan at nokon sikrar at dyra blir humant behandla.

Nina Daapan

Nina Daapan i Redd Dyra Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK