550 DNT-hytter opne i sommar – spesielt éin ting du må hugse på

Det kan bli folksamt på fjellet i år.

Nytt vertskap på Mogen

550 HYTTER: Mogen turisthytte er ein av dei 550 hyttene i landet som blir opna for sommaren til laurdag. Her smiler vertskapet Kyle O'Donoghue og Marthe Isaksen for fotografen i 2015.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Snart kan Den Norske Turistforening (DNT) ønskje turglade turistar velkommen til fjells. Frå laurdag 26. juni er alle de 550 DNT-hyttene opna for sommaren.

Men i år som i fjor er det spesielt éin ting du må hugse å gjere før du dreg.

Som eit smitteverntiltak, må alle som skal overnatte på hyttene førehandsbestille opphald. Dei som ikkje gjer det, blir bedne om å ta med telt for sin eigen tryggleik.

Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, er glad for at vertskap landet rundt kan huse turistar under pandemien i år òg.

– No har det vore ein lang vinter og ein vår der vi har gledd oss til å opne, seier Solvang.

Dag Terje Klarp Solvang, Den Norske Turistforeningen

KLAR FOR SESONGEN: Generalsekretær i DNT, Dag Terje Klarp Solvang, er glad for å kunne ønskje velkommen til fjells.

Foto: Andre Marton Pedersen

Førebudd på storinnrykk

Det er mykje som tyder på at det kan bli folksamt på fjellet i år.

I ei undersøking gjort av Opinion for DNT, svarer 56 prosent av dei spurde at dei vil på fjellet i sommar.

Solvang gler seg over at det er så mange som vil ut i naturen. Han håpar at trenden som vi har sett under pandemien, held fram i åra som kjem.

– Noreg er eit fantastisk ferieland. Naturen ligg der og er open for alle, heile året, seier han.

Mogen turisthytte bader i sommersola

MOGEN TURISTHYTTE: Mogen turisthytte ligg 950 moh. i Vinje kommune.

Foto: Pernille Andrea Aubert Gilje / NRK

Sjølv om mange har tenkt seg ut på tur, trur Solvang at det vil vere plass til alle som vil komme på besøk.

– Nokre restriksjonar er det, og det går litt ut over plassen. Men vi opplever at vi har plass til alle likevel. Det er mange hytter og mange moglegheiter, seier generalsekretæren i DNT.

Litt fleksibilitet, låge skuldrer og store smil, det passar alltid godt inn i ein ferie, understrekar han.

– Viss det er heilt fullt ei natt, kan det vere god plass dagen etter, seier Solvang.

Vertskap for sjette år på rad

For sjette år på rad er det Kyle O'Donoghue som kan ønskje velkommen til Mogen turisthytte i Vinje i Telemark.

Vert på Mogen turisthytte, Kyle O'Donoghue.

VERT SIDAN 2015: Kyle O'Donoghue går inn i den sjette sesongen sin som vert på Mogen turisthytte.

Foto: Privat

Han gler seg til å ta fatt på årets sommarsesong. O'Donoghue fortel at folk var flinke til å setje seg inn i førehandsbestillinga i fjor sommar.

– Erfaringa frå i fjor var stort sett veldig positiv. Vi håpar å kunne vende tilbake til den gode, gamle DNT-modellen etter kvart, seier han.

Med sommaropninga rett rundt hjørnet, er det travle dagar på Mogen.

Onsdag frakta O'Donoghue fem tonn med mat og andre varer over Møsvatn med Fjellvåken. I dag skal han opp til fjells for å setje opp ei hengjebru. Samtidig skal det bli produsert ein del mat, bli vaska og ein dugnadsgjeng skal lakke golv.

Mat blir fraktet i land på Mogen med Fjellvåken.

FEM TONN: Det er mykje som skal på plass før sesongopninga. Her blir fem tonn med mat og utstyr frakta til Mogen med Fjellvåken.

Foto: Kyle O'Donoghue

– Å vere på fjellet i Noreg er ei ganske enkel oppleving, men når vêret er fint så finst det lite som er betre enn det. Vi gler oss skikkeleg, seier O'Donoghue.

Han er veldig spent på trykket for høgsesongen, og opplever at det er mange som vil på ferie i Noreg i år òg.

– Men vi er godt rusta og folk er flinke og vand med smittevernreglane no, så det kjem til å gå bra, seier O'Donoghue.

Smittevern

DNT har eigne instruksar med smitteverntiltak som er tilgjengelege på hyttene.

– Det er viktige reglar. Dei står godt oppslått på hyttene og dei må folk hugse å leve etter, fortel Solvang.

Smittevern på Mogen turisthytte. Plakat på døra, håndsprit og teip på gulvet.

SMITTEVERN: Dette er det første du ser når du kjem inn på Mogen turisthytte. Det er hengt opp ein plakat med instruksar på døra, handspriten står klar og golvet er teipa for å halde oppe avstand.

Foto: Kyle O'Donoghue

Generalsekretæren meiner dei er godt førebudde dersom det oppstår ein smittesituasjon.

Etter ein heil sommar i fjor utan nokre smittetilfelle, vart to personar koronasmitta på ein av DNTs hytter i vinterferien.

– Då fekk vi testa instruksen vår og sett at det fungerer, seier generalsekretæren.

Utsikt like ved Mogen turisthytte.

MOGEN TURISTHYTTE: Utsikten like ved turisthytta.

Foto: Pernille Andrea Aubert Gilje / NRK