Hopp til innhold

2-åring rømde og tok bussen til politistasjonen

SKIEN (NRK): Ei to år gamal jente vart meldt sakna frå heimen sin i Skien onsdag ettermiddag. Det skulle ein snarrådig bussjåfør til for å løyse forsvinningsnummeret.

Buss i Skien sentrum

TOK BUSSEN: 2-åringen som tok bussen åleine fekk heldigvis hjelp frå ein snartenkt bussjåfør.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Jenta er nå gjenforeint med familien, og historia fekk ein lykkeleg slutt, seier operasjonsleiar i Sør-Øst politidistrikt Kjell Reidar Johansen.

Det var mora til jenta som melde frå til politiet om at dottera var borte. Mora stod og skifta bleie på eit anna barn, da jenta tok seg ein tur på eiga hand.

Tok bussen åleine

2-åringen, som var iført bleie, gjekk til busshaldeplassen utanfor huset, og vart med bussen da han kom. Bussjåføren prøvde å ringe til politiet for å melde ifrå om den unge passasjeren, men han kom ikkje gjennom.

– Bussjåføren gjorde alt riktig. Han køyrde jenta til politistasjonen, da han ikkje fekk svar på telefonen, seier Johansen.

Da bussjåføren kom fram til politistasjonen, var politiet allereie på sporet. Mora hadde ringt politiet, og ho mistenkte at det var dette som hadde skjedd.

Har dårleg tid når barn er sakna

Innsatsleiar i politiet i Grenland, Ståle Fuglaas, seier at politiet handlar raskt når små barn er borte.

– 2-åringar tenkjer ikkje likt som oss vaksne, så dei kan gå stader som vi ikkje tenkjer på. Det er naturleg å leite på leikeplassar, ved barnehagen og andre stadar som barna kjenner.

– Kva tenkjer de når de får slike meldingar om barn som er sakna?

– Vi veit at vi har dårleg tid. Vi må starte ved utgangspunktet og jobbe oss utover.

Ståle Fuglaas

MÅ HANDLE RASKT: Når små barn er borte, må vi handle raskt, seier Ståle Fuglaas i politiet i Grenland.

Foto: Katrine Rohde Johannessen / NRK