Hopp til innhold

Turisthytte på Hardangervidda blir stengt

DNT Telemark si turisthytte på Mogen i Vinje blir stengt i sommar.

Årsaka er at Vinje kommune krev at eit nytt reinseanlegg må vere på plass før turisthytta ved foten av Hardangervidda kan ta i mot gjester igjen.

– Me planlegg å ha dette på plass i løpet av sommaren 2023, og vil derfor ikkje opne som normalt i år, seier Helga Bjerke Drøyli konstituert dagleg leiar i DNT Telemark.

Mogen turisthytte er ein innfallsport til Hardangervidda og basehytte for friluftsaktivitet i området. Rutebåten Fjellvåken II vil likevel køyre turar frå Skinnarbu til Mogen, men med endra ruteplan.

DNT Telemark si turisthytte på Mogen i Vinje blir stengt i sommar.
Foto: Guro Skaara