Hopp til innhold

Vil ikkje forlenge villreinjakta

Villreinnemnda for Hardangervidda har vedtatt å ikkje forlenge årets villreinjakt på Hardangervidda utover 30. september 2022.

Grunngjevinga er at ein ligg an til å få eit bra jaktresultat i haust med mange prøvar for å påvise eventuell skrantesjuke. Nye prøvar frå utvida jaktperiode ville komme frå simler og ungdyr som tel mindre for å berekne førekomst av CWD-smitte.

Attverande bestand etter ordinær jakt blir forventa å kunne gi rundt 1500 kalv i 2023, noko som er ønskt bestandsnivå for simler. I tillegg treng dyra ro for å freiste å betre ein dårleg kondisjon før brunstperiode og vinter.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark