Hopp til innhold

Fleirtal i Tokke for å dele

I ekstraordinært kommunestyre torsdag kveld sa fleirtalet av Tokke-politikarane ja til å dele Vestfold og Telemark. I høyringsforslaget legg dei også til grunn at Statsforvaltaren følgjer fylkesgrensene, seier ordførar Jarand Felland. Vedtaket vart gjort med 15 mot fem stemmer. To frå Miljøpartiet De Grønne, to frå Arbeidarpartiet og KrF sin representant.