Hopp til innhold

Fleirtal for å dele fylket

Det er blitt færre som ønsker ei oppsplitting av Vestfold og Telemark, men framleis er det klart fleirtal. Det er no 65 prosent som vil dele fylket. I desember var det 70 prosent.

Det viser ei spørjeundersøking som er gjort av Sentio for NRK og Amedia. Over 2000 har svart i undersøkinga. Det er også færre som meiner det er verd pengane. Men framleis er det 50 prosent som vil bruke pengar på å dele fylket.

Det er også små forskjellar mellom alder og kjønn, om du bur i bygd eller by når det gjeld standpunkt om deling. 70 prosent av dei unge under 30 vil behalde ein fylkeskommune som forvaltingsorgan. Mens eit fleirtal blant dei over 50 år vil fjerne fylkeskommunen heilt.