Hopp til innhold

Teknologipark i Seljord gjev opp

Styret i Vest-Telemark Teknologipark legg bort planen om å bygge opp eit miljø for teknologibedrifter på Århusmoen i Seljord. Endringar i marknaden gjer at det ikkje er mogeleg å bygge opp fagmiljøet, seier styreleiar Eivind Skogheim. Det var Seljord kommune og Sparebanken Din i samarbeid med private interesser som stod bak planen.