Hopp til innhold

Bråk og uro i Sandefjord

I Sandefjord var det tilløp til slåstkamp ved Kurbadet natt til søndag. Ein mann i 30-åra frå Tjøme blei vist bort frå staden. Like før klokka eitt kom det melding om nokon som slåst på Haukerød, men då politiet kom var det stille og roleg. Ein mann i 20-åra blanda seg inn i politiet sitt arbeid og blei vist bort.