Hopp til innhold

Truga til å kaste stein

Ein 12 år gammal gut fortel til politiet at han blei tvungen av ein eldre ungdom til å kaste stein på bil frå bru ovanfor Statoil, Skjelsvik. Dersom han ikkje kasta stein ville ungdommen, som var aleine, banke ham opp. – Ungdommen er ca. 16 år, ca. 180 cm høg, har lyst/blondt hår og hette over hovudet. Han hadde noko framfor ansiktet og snakka dialekt, opplyser politiet. Politiet ønsker tips og å komme i kontakt med fører av bil det blei kasta stein på.