Folk i bygdene frå Smørklepp til Bøgrend i Vinje har starta eit uvanleg og svært originalt bygdemobiliseringsprosjekt.
- Det er luksus å ikkje laga maten sjølv, seier Heidi Haugland.
Kvar mandag etter arbeidstid er det middag på samfunnshuset Vinjar for alle som vil og kan.
Aasmund Nordstoga på middag på Vinjar
Se video: Luksus på bygda
Styrke samhaldet
Bygdelaga langs Vinjevatn strekker seg over meir enn ei mil, og heller ikkje i eit samfunn som dette er det sjølvsagt at alle kjenner alle.
- Vi er innflyttarar til bygda så det er koseleg og bli kjent med andre, seier Heidi Haugland.
Målet er å styrke samhaldet mellom dei som bur i området.
- Nå er terskelen litt lågare for å snakke med folk du møter på butikken, seier Aasmund Nordstoga. Han flytta tilbake til Vinje for fem år sidan.
Stinn brakke
Kokkelaget har ansvar for å skaffe middag. På Vinjar er det stinn brakke. Det vil seie meir enn 60 personar.
- Her er det betre middag enn heime, seier Lars Olav Bekhus. Han er fast gjest saman med mor Anne Råmunddal.
Barnehagen ligg i nabobygget, og gjer fellesmiddagen i Vinje til ein møteplass for alle generasjonar.