Hopp til innhold

Travmiljøet er overraska

I travmiljøet i Vestfold er fleire overraska over at Atle Hamre og fleire i miljøet er sikta for utpressing.

Atle Hamre er tilbake på travbanen.
Foto: John-André Samuelsen / NRK

Travtrenar Per Teigen håpar Hamre er uskuldig.

- Det er veldig leit, for nå er han dømt ein gong. Eg håpar han ikkje der skuldig, seier Teigen.

Fleire med tilknyting til travmiljøet er ifølgje politiet innblanda i dette.

Tragedie for Atle Hamre

Dagleg leiar på Jarlsberg travbane Ståle Jan Frøynes seier at dette er tragisk.

Frøynes håpar folk flest forstår at dette ikkje har noe med travmiljøet å gjere.

Det er under eitt år sidan Atle Hamre slapp ut av fengselet. Ståle Jan Frøynes seier han trudde på Hamre sine lovnader om bot og betring.

- Viss dette er rett er ei tragedie for Atle Hamre. Det er ei handling som vil sverte den sporten som så mange er glade i, seier Ståle Jan Frøynes.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark