NRK Meny
Normal

Tjøme Frp støttar ordførar

Tjøme Frp fikk eit styre som støttar sittande ordførar etter det ekstraordinære årsmøtet i partiet.

Tjøme Frp heldt eit ekstraordinært årsmøte tysdag for å fylle opp styreplassar som er blitt ledige etter bråket og tvangsutmeldingane i partiet.
Det første årsmøtet gjorde var å kaste ut pressa.

Fylte opp lista

Og etter ein snau time diskusjon bak lukka dørar var styreplassane fylt opp.

Rita Sundset Eriksen
Foto: Rita Sundset Eriksen / NRK

Nominasjonsslista blei ferdig ved at kandidatane blei skjøve oppover for å fylle dei tomme plassane etter tvangsutmeldte Vibeke Andersen og Roar Jonassen.

- Det blei banka igjennom. Men det er ingen vits og kjempe mot lenger, seier Rita Sundset Eriksen.

Ho er ein av dei som er i opposisjon til ordførar Per Hotvedt Nielsen.

Årsmøtet var splitta om lag på midten. Men dei som støtta ordføraren fekk sju av ni styremedlemmar i det nye styret.

- Vi får sjå ved valet om Tjøme vil ha det Tjøme Frp dei har fått, seier Sundset Eriksen.

Ordførar Per Hotvedt Nielsen meiner årsmøtet blei gjennomført på ein rydding og god måte.