Hopp til innhold

Midtdelarar reddar liv

Midtdelarar på E 18 reddar liv i trafikken i Vestfold. Det syner statistikk frå Statens vegvesen.

Trafikk på E18.

Midtdelarar på E 18 hindrar møteulykker. Illustrasjonsfoto.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Tysdag ettermiddag denne veka hindra midtdelaren ved Foksrød i Sandefjord at ein semitrailer skjente over i sørgåande felt og kollidere med ein møtande bilkø.

Ingen blei skada i uhellet, og det kan ein truleg takke midtdelaren for.

Er plassert på strategiske stader

Marit Wroldsen Dahl er seniorkonsulent i Statens vegvesen i Vestfold. Ho stadfester at betongelementa som deler kjørebanen reddar liv i trafikken. 

- Vegskillene er medvite plassert på stader der det er stor fare for trafikkuhell, seier Wroldsen Dahl. 

Alvorlege ulykker er borte

På Foksrød var det stadig problem med ulykker og fleire er drepne på ei strekning på 1400 meter. Etter at midtdelarane kom opp er dei alvorlege ulykkene borte.

Ho seier at midtdelarar er den barrieren som har størst potensiale til å hindre ulykker og avgrense konsekvensane av dei.   

- Når du skil kjøreretningane fysisk så hindrar du møteulykkene. Vi ser døme på at det fungerer gong på gong, seier Wroldsen Dahl.