NRK Meny
Normal

Maktkamp i Høgre

Det er maktkamp i Tønsberg Høgre før nominasjonsmøte.

Høyrelogo
Foto: Høyre

Svein Konrad Rui stiller som motkandidat til Kristen Ringvold ved nominasjonsmøtet i Tønsberg Høyre onsdag kveld.

Han meiner det er viktig at medlemmene i partiet får ein motkandidat til Ringvold.

Benkeforslag

Rui reknar med at det kan bli oppstyr rundt eit benkeforslag på han.

- Så sant det blir eit benkeforslag på meg på nominasjonsmøtet vil eg stille som motkandidat, seier Rui.

Det skapte intern uro i Tønsberg Høgre då det blei kjent at Kristen Ringvold som blei valt inn i bystyret for denne perioden for Tønsberglista. Nå er han foreslått på tredjeplass på lista til Høgre ved kommunevalet i Tønsberg.

Ønska som motkandidat

Sentrale medlemmer i partiet som NRK har snakka med etter at styret sitt forslag blei kjent, karakteriserer Ringvold som arrogant, og påpeika at dei ikkje ønskjer at Ringvold skal sitte i bystyret for partiet.

Nå stadfester mannen som var foreslått som nummer sju på Tønsberg Høgre si liste at han vil stille som motkandidat til Ringvold om tredjeplassen på nominasjonsmøtet onsdag.

Får eit val

Rui seier at han er blitt kontakta av personar som ønskjer at han skal stille som motkandidat til Ringvold ved nominasjonsmøtet.

Sjølv hevdar Rui at det at han stiller som motkandidat ikkje har noe med Ringvold som person å gjøre.

- Eg synest det er viktig for medlemmene å få eit val når det har blitt så mykje oppstyr omkring denne saka, seier han.