Hopp til innhold

Må gjennomgå rutinene

Veidekke blir pålagt å lage ein ny  plan for utbetringa av Hanekleivtunnelen.

Hanekleivtunnelen
Foto: Picasa 2.6 / NRK

Veidekke må gjennomgå prosedyrene for å sprøyte betong i Hanekleivtunnelen på nytt og kome med ein plan for det vidare arbeidet før dette arbeidet blir teken opp att.

Det kom fram på ein pressekonferanse ved Hanekleivtunnelen akkurat nå.

Veidekke får kort frist på seg til dette.

Skal etterforske ulykka

Arbeidet i Hanekleivtunnelen på E 18 som ikkje driv med den same type sikringsarbeid blir no teken opp igjen.

Politiet og Arbeidstilsynet skal etterforska ulykka 2. pinsedag der to personar blei skadd.

Det kom ikkje fram på pressekonferansen om ulykka vil få konsekvensar for tidsplanen for å bli ferdig med sikringsarbeidet.

Ein bolt løsna frå taket

Årsaka til ulykka var truleg ein bolt som løsna på grunn av trykket frå betongen som blei sprøyta inn.

Det er skal vere eit særskilt porøst fjell i Hanekleivtunnelen, og dette krev ein annan form for sikring enn det som er vanleg i norske tunnelar.

Hanekleivtunnelen skal etter planen opne igjen 6. juli.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark