Hopp til innhold

Krisemøte om Hanekleiv

Det er krisemøte om Hanekleivtunnelen i dag.

Hanekleiv-tunnelen
Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Klokka ti tysdag er det krisemøte mellom vegvesenet og Veidekke som er byggherre. Fleire uhell kan få konsekvensar for det vidare arbeidet.

Alt vidare arbeid med å sikre dei to tunnelane på E 18 er førebels stoppa og Arbeidstilsynet er kobla inn i saka.

- Alle prosedyrer blei følgt. Dette har ingenting med tidspress å gjere, seier kommunikasjonsdirektør Kai Kryger Henriksen i Veidekke.

Også Arbeidstilsynet er kobla inn i saka.

- Vi er blitt einige med entreprenøren om å stanse alt arbeidet til vi har hatt ein gjennomgang av alle tryggingsrutinene for dei arbeida som går føre seg, seier Gomo.

Ulykka skjedde under støyping

Også i mars var det ei arbeidsulykke i tunnelen.

Då blei ei betongblokk forskuva, men den ramla ikkje ned på vegen. Det blei heller ikkje personskader.

Veidekke har oppdraget med å få ferdig tunnelen innan 6.juli.

 

 

 

 

 

 

 

 

Hanekleiv-tunnelen
Foto: Svein Ove Hansli / NRK

To arbeidarar blei skada måndag 2. pinsedag under sikringsarbeidet.

Ulykka skjedde under støyping av ein vegg i det nordgåande løpet i Hanekleivtunnelen.

Skader i ryggen

Det var truleg trykket frå betongen som blir sprøyta inn som førte til at eit element løsna og traff dei to arbeidarane.

Betongelementa i tunnelen blir sikra etter at det rasa i det sørgåande løpet i romjula ifjor. Då løsna stein og element frå taket.

- Elementa falt ut der betongbilen stod, og dei to arbeidarane fekk skader i ryggen, seier Tore Gomo i Statens vegvesen.