Hopp til innhold

Krav om båtførarsertifikat

Sjøfartsdirektoratet trur det blir krav om båtførarsertifikat for å føre båtar over sju meter neste år.

Seilbåt i høy sjø
Foto: Anders Gundersen, Redningsselskapet.

I dag manglar 410.000 båtførarar dette serifikatet.

- For å føre eit fartøy som er meir enn sju meter eller som har meir enn 25 hestekrefter så skal det vere eit båtførarbevis.

Det seier Jon R. Eichner som er leiar for Sjøvett og fritidsbåtar i Sjøfartsdirektoratet

Innføre over ein tre års periode

Det obligatoriske sertifikatet som truleg blir ein realitet inneber ein teoretisk del, men ikkje noko praktisk prøve. Forslaget er ute på høyring, og dersom dette ikkje blir forsinka kan ordninga bli innført neste år.

Med meir enn 410.000 båtførarar per i dag, så ønskjer styresmaktene å dele båtfolket inn i puljer, og innføre båtsertifikatet over ein tre års periode.

Vil gjere dagens prøve betre

Mange har peika på dei manglande kunnskapane hos båtfolket. Onsdag sa informasjonssjef Ingvar Johnsen i Redningsselskapet at mange ikkje veit kva dårleg ver inneber når dei er på sjøen.

- Dei drar ut med båtar som ikkje er bygt for grov sjø og med mannskap som ikkje er trena til det, og då blir havet fort skremmande, seier han.

Sjøfartsdirektoratet seier at dei kjem til betre dagens båtførarprøve når denne blir obligatorisk.

 

 

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark