Hopp til innhold

I landslagsklasse på sitt beste

Den nye Sandefjordspelaren hadde stor status då han spela i Tyskland.

Thomas Sobotzik
Foto: NRK

Sandefjord sin nye midtbanespelar Thomas Sobotzik hadde stor status då han spela med Jan Åge Fjørtoft og Tore Pedersen i Bundesligaen.

Den tidlegare landslagsspelaren Tore Pedersen meiner kameraten og midtbanespelaren er i landslagsklasse når han er på sitt beste.

Var på besøk i Noreg

Pedersen kjenner Sobozik godt frå tida i Tyskland då dei to blant anna spela saman med ein annan tidlegare norsk landslagsstjerne.

Og det var eit besøk hos sine to norske venner som førte til at den polskfødte tyskaren nå flyttar med kone og to barn til Noreg.

Pedersen som no jobbar for fotballagent Rune Hauge har stor tru på at kameraten vil trivast i vestfoldbyen.

Flere nyheter fra NRK Vestfold og Telemark