Hopp til innhold

Hald avstand til straumleidningar

Straumleidningar som heng lågt på grunn av islast eller som ligg på bakken kan framleis vera straumførande. Thor Bjørn Omnes i Skagerak Energi seier at desse kablane er livsfarlege. Han ber folk om å halde avstand og å melde ifrå til straumselskapet på telefon 35 51 89 91 ved slike observasjonar.